Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  9 (Kommunikasjon og kultur i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kvardagsliv på 1800-talet
   
  9. KOMMUNIKASJON OG KULTUR I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kvardagsliv på 1800-talet


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gjere greie for hovudtrekk ved den industrielle revolusjonen og undersøkje kva han fekk å seie for næringsutvikling og sosiale forhold i det norske samfunnet
  • gjere greie for demokratiutvikling i Noreg frå 1800-talet og fram til 1945 og analysere drivkreftene bak denne utviklinga
  • gjere greie for befolkningsutviklinga i eit lokalsamfunn over ein lengre periode og diskutere kva faktorar som har vore viktige for livssituasjonen til innbyggjarane
Dette kapittelet handlar om kvardagslivet til nordmenn og om korleis det forandra seg utover gjennom 1800-talet. Det passar godt til ei skriftleg empatioppgåve eller eit rollespel. I slike oppgåver er det om å gjere å forstå korleis folk levde i ei anna tid. Berre fantasien set grenser for kva slags situasjonar eller emne ein kan ta opp. Men det er viktig at elevane les kapittelet før dei set i gang, slik at arbeidet blir historisk relevant.
 
Forslag til oppgåver:  
  1. Dramatisering: Eit møte i eit kommunestyre debatterer innlegging av telefon. Somme er for, mens andre er imot. Prøv å finne så mange argument som råd er. Ta gjerne utgangspunkt i din eigen kommune.
  2. Dramatisering: Du er ei 16 år gammal jente i Oslo og tek telefonen på den lokale telefonsentralen for første gongen når den rike onkelen din på Løten ringjer. De snakkar om daglegdagse ting. Ingen av dykk har brukt telefon før. Set deg inn i korleis telefonsamtalar fungerte i lokalområdet ditt på slutten av 1800-talet.
  3. Lesarbrev: Skriv eit lesarbrev om kvinneleg røysterett. Vel ein av desse aktørane (svar gjerne på innlegga til kvarandre):
    • ei kvinnesakskvinne
    • ein konvensjonell prest
    • ein liberal handelsmann
    • ei konservativ bondekone
  4. Rollespel 1: Du arbeider med å byggje jernbane eller veg i lokalområdet ditt. Du møter ein lokal bakar. De snakkar saman om den nye tida. Finn nokre aktuelle saker som kan ha skapt engasjement blant folk.
  5. Rollespel 2: Ein elev ved ein omgangsskole i ein skoletime i samtale med læraren. Problemet er at eleven ikkje har gjort leksene. Finn ein plausibel grunn til at leksene ikkje er blitt gjorde. 

« Attende