Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  10 (Det unge norske demokratiet)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Parlamentarismen
   
  10. DET UNGE NORSKE DEMOKRATIET
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Parlamentarismen


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • drøfte korleis idear frå opplysningstida påverka og blei påverka av samfunnsomveltingar på 1700- og 1800-talet
  • gjere greie for demokratiutviklinga i Noreg frå 1800-talet og fram til 1945 og analysere drivkreftene bak denne utviklinga

Parlamentarismen blei innført i 1884 og er eit viktig ledd i demokratiseringa av det norske samfunnet. Men dette stoffet kan verke tungt og tørt og vanskeleg. Det viktige er at ein del omgrep blir klargjorde for elevane, og at ein får dei til å forstå årsakssamanhengane bak innføringa av parlamentarismen.

Nokre nyttige omgrep som elevane bør forstå:

Parlamentarisme
Statsråd
Veto
Riksrett
Odelstinget
Maktfordelingsprinsippet

Oppgåve

For å få oversikt over gangen i hendingane kan elevane lage ei tidslinje, anten på papir eller ved å bruke dipity eller xtimeline. Neste oppgåve er å dele inn dei ulike årsakene til innføringa av parlamentarismen i grunnleggjande og utløysande årsaker ved hjelp av eit skjema eller eit tankekart (les meir om årsaksforklaringar på side 26 i Arbeidsportal). Desse oppgåvene kan elevane gjere individuelt før dei diskuterer resultata sine i grupper på to og tre. Til sist kan gruppene få presentere det dei har komme fram til, i klassa – her er det sikkert mykje ulikt som kan diskuterast.

« Attende