Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  11 (Den store krigen)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Den første verdskrigen - ein historisk person
   
  11. DEN STORE KRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Den første verdskrigen - ein historisk person


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • identifisere og vurdere historisk materiale av ulik art og opphav som kjelder, og bruke det i eigne historiske framstillingar
  • presentere ein historisk person og drøfte korleis samtidige idear og samfunnsforhold påverka tenkjemåtane og handlingane til denne personen
  • gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet

Skriftleg oppgåve om den første verdskrigen

Elevane skal skrive ein tekst der dei lever seg inn i ein historisk person. Dei kan sjølve velje namn, tid og stad. I dette tilfellet dreiar det seg om ein fiktiv person, men personen skal vere basert på kjeldemateriale. Derfor er det viktig at elevane gir opp kva kjelder dei har brukt. Denne skriveoppgåva legg vekt på kreativitet, empati og kjeldebruk.

Eksempeloppgåver
  1. Du er ein ung kvinneleg sjukepleiar på Vestfronten. Vel stad og tidspunkt og skriv dagbok frå ein dag i livet ditt.
  2. Du er ein ung fransk soldat som skriv brev heim til kjærasten din. Vel stad og tidspunkt sjølv.
« Attende