Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  13 (Sovjetunionen og verdskommunismen)   >  Til læraren  >  Kjeldeopplegg  >  Bolsjevikane
   
  13. SOVJETUNIONEN OG VERDSKOMMUNISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Bolsjevikane


Korleis kunne bolsjevikane sigre?

C.R. Buxton, som var sekretær i det britiske arbeidarpartiet, var i Russland i juni 1920. I rapporten skreiv han mellom anna dette om kva haldning dei russiske bøndene hadde til bolsjevikane og revolusjonen:

Verten min heitte Alexander Petrovitsj Emiljanov. Han var ein bonde med eit mellomstort bruk. Det store fleirtalet i landsbyen hadde bruk av om lag same storleik. Rundt ein femdel av befolkninga i landsbyen blei rekna som fattige bønder. Det var berre fire–fem rike bønder, blei eg fortald …

Før revolusjonen hadde verten min hatt 5 mål jord til disposisjon – som var om lag gjennomsnittsbruket i regionen. No hadde han 50. Dette var tal som eg stadig tenkte på. For det var ikkje berre verten min som hadde fått meir jord. Det var snakk om millionar av bønder som hadde fått tildelt meir jord …

«Sjå der,» sa Emiljanov. Han peika mot utkanten av landsbymarkene og mot dei endelause steppene som forsvann i synsranda. «Alt hørte til godseigarane.» …
«Kven var dei som åtte all jorda,» spurde eg.
«Alle slags godseigarar. Ein var kosakk. To var kjøpmenn i Samara. Ein var tyskar, Schmidt, som hadde kjøpt jord av krona. Ein del jord blei driven av munkar. Eit gods hørte til tsarinaen.»
«Kva har skjedd med dei?»
«Dei har reist sin veg,» svarte han lakonisk. «Somme er i Samara. Dei fleste av dei har reist frå Russland, reknar eg med …»
«Og kva tenkjer bøndene om alt dette no,» spurde eg Emiljanov.
«Revolusjonen er bra. Alle er for revolusjonen. Dei likar ikkje kommunistpartiet, men dei likar revolusjonen.»
«Kvifor likar dei ikkje kommunistpartiet?»
«Fordi kommunistane alltid plagar oss. Dei er folk frå byane og forstår ikkje landsbygda. Kommissærane – mektige personar – kjem rennande stadig vekk. Vi veit ikkje korleis vi skal stille oss til dei. Dei kjem med nye ordrar heile tida. Folk er forvirra. Så snart du synest du forstår kva ein kommissær snakkar om, dukkar det opp ein ny.»
«Kva for eit parti hører folk flest til her omkring?»
«Ingen i det heile. Dei er partilause.»

Den alminnelege haldninga mellom bøndene, så langt eg kunne vurdere, var at dei sette pris på den sovjetiske regjeringa når det galdt spørsmålet om jord. Dei lika prinsippet om likskap for alle. Dei snakka ofte om ein sann kommunist som ein person med høge ideal. Men dei klaga bittert over at det var mangel på jamvel dei mest nødvendige ting, og dei klaga over tvangsrekvisisjonane. Og dei uroa seg over tallause ordrar og forskrifter som ofte var vanskelege å forstå. Dei reflekterte mykje over at kommunistregjeringa stod bak alle plagene, og at bøndene var hamna i ei slags underordna stilling i høve til byfolk.

Men likevel, trass i alle desse klagene, nølte dei ikkje når dei blei bedne om å velje mellom Koltsjak (leiar for dei kvite styrkane under borgarkrigen) og kommunistregjeringa ...

Dei var for revolusjonen og for den sovjetiske regjeringa. Dei knurra og forbanna regjeringa, men når dei fekk spørsmålet om ho burde kastast, svarte dei nei.

L. S. Stavrianos: A Global History, New Jersey 1999, omsett til norsk av forfattaren


Blant dei spørsmåla som historikarar har prøvd å finne svar på i samband med den russiske revolusjonen og borgarkrigen som kom etterpå, er korleis det var mogleg for bolsjevikane å sigre når dei berre utgjorde eit lite mindretal av befolkninga i det enorme russiske riket.
  1. Kva svar på spørsmålet over kan vi hente ut av rapporten frå Buxton?
  2. Kva fortel kjelda om kva haldning bøndene hadde til bolsjevikane og til det nye regimet?
« Attende