Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  14 (Ei verd i ubalanse)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Mellomkrigstida (kapittel 14, 15, 16 og 18)
   
  14. EI VERD I UBALANSE
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Mellomkrigstida (kapittel 14, 15, 16 og 18)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • identifisere og vurdere historisk materiale av ulik art og opphav som kjelder, og bruke det i eigne historiske framstillingar
  • bruke digitale verktøy til å planleggje, gjennomføre og presentere ei problemorientert undersøking ut frå eigne spørsmål til eit historisk materiale
  • presentere ein historisk person og drøfte korleis samtidige idear og samfunnsforhold påverka tenkjemåtane og handlingane til denne personen
  • vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet
  • gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane
Individuelle presentasjonar av perioden 1918–1939:

Elevane held føredrag om problemstillingar knytte til utviklinga i mellomkrigstida og får individuell vurdering av innsatsen. Elevane må sjølve formulere ei problemstilling knytt til emnet. Føredraga kan eventuelt fordelast over ein lengre tidsperiode. Opplegget er også ei god førebuing til munnleg eksamen.

Forslag til emne:
  • Stalin og Gulag
  • «The roaring twenties» i USA
  • Den økonomiske verdskrisa i 1929
  • New Deal-politikken i USA
  • Økonomisk krise i Noreg i 1930-åra
  • Fascismen i Italia
  • Hitler og framveksten av NSDAP i Tyskland
  • Nazistane si maktovertaking i Tyskland
  • Quisling og Nasjonal Samling

« Attende