Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  15 (Fascismen og nazismen)   >  Til læraren  >  Kjeldeopplegg  >  Krystallnatta
   
  15. FASCISMEN OG NAZISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Krystallnatta


I november 1938 blei ein tysk diplomat drepen i Berlin. Gjerningsmannen var ein ung jøde. Nazistane brukte dette drapet som eit påskot til å setje i gang ein brutal hemnaksjon. SS-menn kledde i sivile klede blei utstyrte med øksar og sleggjer og adressene til jødiske forretningar. (SS, Schutzstaffel, «svartskjortene», var elitetroppane til nazipartiet.) Jødiske butikkar, heimar og synagogar over heile Tyskland blei øydelagde og brende. 20 000 tyske jødar blei sende til konsentrasjonsleirar, og mange tusen flykta frå landet. Natta mellom 9. og 10. november, da overgrepa skjedde, er blitt kalla Krystallnatta. Den nazikontrollerte pressa skreiv at det var spontane opptøyar, at det var vanlege tyskarar som hadde gått laus på jødane. Få tyskarar trudde på denne historia, men knapt nokon protesterte. Under finn du nokre tyske reaksjonar på Krystallnatta:

Dagen etter Krystallnatta sa lærarane til oss: Ikkje bry dykk om kva de ser, jamvel om de ser stygge og fælslege ting som de ikkje forstår. Hitler vil vi skal få eit betre Tyskland, eit reint Tyskland. Ikkje ver urolege, alt vil bli bra til slutt.
Heinrich Metelmann, medlem av Hitlerjugend, 1938

Fram til Krystallnatta var det ikkje mange tyskarar som trudde Hitler var engasjert i massemord. Behandlinga jødane blei utsette for, blei oppfatta som ei mindre alvorleg form for plaging av ei upopulær minoritetsgruppe. Men etter Krystallnatta hadde ingen tyskar lenger grunn til å leve i ei slik villfaring. Eg trur det var den dagen vi mista vår uskuld. Men tru meg, eg møtte ikkje ein einaste tyskar, ikkje eingong dei mest fanatiske nazistar, som ønskte at jødane skulle bli utrydda. Vi ville ha jødane ut av Tyskland, det er sant nok, men vi ville ikkje at dei skulle bli drepne.

Alfons Heck, medlem av Hitlerjugend i 1938, intervjua i 1989


Eg hatar og avskyr den måten jødane blir behandla på. Eg synest det er ei dårleg side ved rørsla vår, og eg vil ikkje ha noko med det å gjere. Eg gjekk inn i partiet fordi eg trudde og framleis trur at ingen har gjort større kristne gjerningar dei siste 25 åra enn Hitler. Eg såg sju millionar menn ròtne i gatene, eg var der sjølv, og ingen … syntest å bry seg. … Så kom Hitler og hjelpte alle bort frå gatene og gav dei helse og tryggleik og arbeid …

H. Schmidt, leiar for ei nazistisk arbeidarforeining, intervjua i 1938


Eg kjenner det som tvingande nødvendig å gi Dykk ein sann rapport om dei siste opptøyane, plyndringa og øydelegginga av jødisk eigedom. Det tyske folket hadde ingenting å gjere med opptøyane og øydeleggingane, slik det heiter i offisielle fråsegner frå nazistane. Politiet utstyrte SS-menn med øksar, kubein og stigar. Dei fekk ei liste med adressene til alle jødiske forretningar og leilegheiter, og pøbelen gjekk til aksjon under overoppsyn av SS-mennene. Politiet hadde fått strengt pålegg om ikkje å gripe inn.

Anonymt brev frå ein tysk tenestemann til den britiske konsulen, 1938


Alle utdraga er frå John Murray: Modern World History, London 2002, omsette til norsk av forfattaren

  1. Kva fortel kjeldene om dei haldningane alminnelege tyskarar hadde til jødeforfølgingane?
  2. Kor brukbar vitneverdi har kvar einskild av kjeldene for ein historikar som vil undersøkje korleis tyskarane reagerte på Krystallnatta?
  3. Kan du tenkje deg årsaka til at nazistiske styresmakter ville at Krystallnatta skulle sjå ut som spontane opptøyar?
« Attende