Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  15 (Fascismen og nazismen)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Fascismen og nazismen - konsekvensar for vanlege menneske
   
  15. FASCISMEN OG NAZISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Fascismen og nazismen - konsekvensar for vanlege menneske


Kompetansemål

Elevane skal kunne

  • vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet.


Oppgåve

Denne oppgåva er meint som ei fordjupingsoppgåve til kapittel 15. Oppgåva gir rom for diskusjon og refleksjon omkring kva konsekvensar fascismen og nazismen hadde for vanlege menneske, særleg ungdom. Perspektivet kan også utvidast til andre totalitære samfunn før og no (Sovjetunionen, Kina, Nord-Korea, Burma osv.). Ein kan arbeide med oppgåva i form av ein klassediskusjon, og elevane kan arbeide vidare med stoffet individuelt eller gruppevis, for eksempel med eit rollespel eller ei skriveoppgåve. Det er også blitt laga filmar om dette temaet, for eksempel Sofie Scholls siste dager frå 2005.

Bakgrunnsinformasjon

I eit totalitært samfunn som Tyskland under nazismen blei det lagt særleg stor vekt på å påverke og styre ungdommen. Undervisninga i skolen var prega av nazistisk ideologi, og alle organiserte fritidsaktivitetar var under kontroll av regimet. Medlemskap i Hitlerjugend var obligatorisk for all «arisk» ungdom. Ein del ungdommar valde likevel å gå sine eigne vegar og utvikla ein livsstil som stemde dårleg med verdiane til regimet. Det kunne dreie seg om eit politisk motivert opprør mot nazistane, slik som hos studentane i gruppa Den kvite rose i München, men også om å oppføre seg på ein uakseptabel måte. Swingjugend kom frå storbyane Hamburg og Berlin og dyrka jazz og swing. Edelweisspiratane var arbeidarklasseungdom, særleg i Rhinlandet, som markerte seg med ei spesiell klesdrakt og gjennom valdelege konfliktar med Hitlerjugend. Desse gruppene var i liten grad organiserte, og i utgangspunktet var dei nokså upolitiske. Etter utbrotet av den andre verdskrigen auka den opprørske åtferda blant ungdommen, og regimet reagerte med sterkare undertrykking. Det blei for eksempel oppretta eigne konsentrasjonsleirar for ungdom (Moringen ved Göttingen).

(Dokumenta under er omsetjingar av tekstar henta frå eit dokumentasjonsprosjekt ved Deutsches Historisches Museum Berlin, http://www.dhm.de/lemo/.)


Tekst 1: Edelweisspiratar vekkjer «anstøyt»

Reichssicherheitshauptamt

-IV C 4b – B. Nr. 116/43 –

Berlin SW 11, den 15. mars 1943

Vedrørande: Ungdomsbandar – «Edelweisspiratar»

Vedlegg: - 1-

I det siste 1 ½ året har ville ungdomsgrupper markert seg i ulike byar i Rhinlandet og Westfalen. Dei kallar seg «Edelweisspiratar» og har vekt anstøyt gjennom markert nonchalant klesdrakt og haldning. Medlemmene av desse gruppene bar kvite strømper, korte lêrbukser, farga fritidsskjorte, halstørkle og ein edelweissblome som ytre kjenneteikn. Dei tok gitarar med på turane sine, song pirat-, vandrings- og ungdomssongar og overnatta ute i telt eller på låvar. (…)

Elles gav desse ungdommane uttrykk for ei fiendtleg innstilling til alt som hadde med Hitlerjugend å gjere, noko som også kom til uttrykk i songane deira og i åtferda deira overfor HJ- medlemmer.

Frå 7.12.1942 blei dei einskilde gruppene i området til statspolitiavdelinga

Düsseldorf brått oppløyste etter føregåande overvaking.

Düsseldorf 10 grupper med til saman 283 ungdommar,

Duisburg 10 grupper med til saman 260 ungdommar,

Essen 4 grupper med til saman 124 ungdommar,

Wuppertal 4 grupper med til saman 72 ungdommar.

I over 400 avhør blei 320 ungdommar utspurde om tilhør til og aktivitetar innanfor dei ville gruppene, og 130 ungdommar blei til no arresterte. Tre eldre personar, av dei 2 jødiske bastardar av første grad, blei haldne i sikringsarrest på grunn av sin særleg fordervelege innverknad blant ungdommen og overførte til ein konsentrasjonsleir. Truleg vil det bli innleidd straffeprosessar mot 140 ungdommar i dei ansvarlege spesialdomstolane. I tillegg blei ein del ungdommar som var særleg sedeleg forderva, overlatne til den offentlege forsorga, og andre blei fjerna frå buområdet sitt gjennom pliktteneste. Det er vidare meininga å kalle inn dei ungdommane som ikkje blir straffeforfølgde, til RAD eller Wehrmacht snarast råd er, slik at dei kjem vekk frå omgivnadene sine. (…)

Dei fleste av ungdommane var ikkje klar over rekkjevidda av handlemåten sin. Dei hadde på seg fritidskleda, som dei sa, for å vise utetter at dei ville vere noko anna. Visene song dei fordi melodi og tekst svarte til ungdomsfantasien deira. Det tyder ikkje at «Edelweisspiratane» berre er eit harmlaust ungdomsfenomen. Jamvel om ungdommen sjølv ikkje kan innsjå rekkjevidda av handlingane sine, så kan den tilhørande trusselen på det sedelege, det kriminelle og det politiske området ikkje takast alvorleg nok. (…)

Kjelde: Bundesarchiv Koblenz R 22/1177, Bd. 4. Folgeband 5, Bl. 318-319.


Tekst 2: Rapport om Swingungdom, 1941

Avdeling M

Ref.: Scheffler

Berlin, 18. august 1941

Til

Herr minister

Vedr.: Swingmiljøa i Hamburg

I utkastet mitt av 18. februar 1941 vedr. sal og gjengiving av engelske grammofonplater peika eg på den uverdige åtferda til anglofile miljø i Hamburg. Ministeren gjekk på denne tida ikkje inn for ein aksjon mot desse krinsane. Frå SD og Gestapo si side er det derfor til no heller ikkje blitt sett i verk vidare tiltak. Men no må eg melde frå om at ut frå rapport frå RPA Hamburg av 4. august 1941 og rapport frå SD av 16. august 1941 har hot- og swing-demonstrasjonane til ungdommelege anglofile krinsar i Hamburg i mellomtida fått statsfiendtlege og oppløysande reaksjonære former.

Engelske, amerikanske og jødiske musikkplater blir lånte ut, bytte, kopierte og dessutan brukte til offentleg gjengiving (…).

Den engelske schlageren «We will hang our washing on the Siegfriedline», opptak av bandet Nat Gonella, dei krassaste produkta innan hot-musikken, blir haldne fram av desse swingmiljøa, i eit bevisst opprør mot forbodet mot desse verka. Medlemmer av desse miljøa har danna ein IHC (International Hot Club), bruker engelske helsemåtar og har lagt seg til engelske namn. Gjennom samtalar, meiningar om Tysklands førande personlegdommar og flygeblad er den statsfiendtlege haldninga i desse krinsane blitt slått fast.
Det dreiar seg til dels om degenererte og kriminelt tilbøyelege ungdommar, også av blandingsrase, som har slått seg saman til klikkar, det vil seie musikalske gangsterbandar, og som terroriserer den sunt følande befolkninga ved måten å oppføre seg på og ved sine uverdige musikalske eksessar.

Det verkar absolutt nødvendig å arrestere dei førande i desse miljøa, som er kjende for SD og Gestapo, og å beslagleggje det til no kjende materialet av uønskte plater, for å hindre ei vidare utbreiing av swing- og hot-epidemien i og utanfor Hamburg, og for å hindre den skadelege innverknaden deira på andre ungdommar.

Eg ber derfor ministeren om samtykke til ein straksaksjon retta mot dei førande i desse miljøa, for å hindre uro blant befolkninga, slik at det er mogleg å innføre normale forhold på nytt.

Heil Hitler!

Kjelde: Institut für Zeitgeschichte, München Ma 667, Bl. 5484203-204.


Forslag til oppgåver som elevane kan arbeide med:

  • Kjeldekritikk: Kva slags kjelder dreiar det seg om? Kan dei beskrivast som objektive og nøytrale? Kvifor/kvifor ikkje? Er kjeldene deskriptive eller normative? (Bruk gjerne det som står på side 6 i Arbeidsportal.)
  • Korleis kjem den nazistiske ideologien til uttrykk i desse dokumenta?
  • Korleis blir ungdommane og aktivitetane deira skildra i dokumenta? Ordvalet er viktig.
  • Korleis reagerte styresmaktene på ungdomsopprøret? Kvifor reagerte dei slik?
  • Kvifor var det så viktig for nazistane å påverke ungdommen?
  • Greidde nazistane å få full kontroll over ungdommen? Er det mogleg å få fullstendig kontroll over eit heilt samfunn?
  • Kva grunnar kan desse ungdommane ha hatt til å gjere opprør mot nazistane?
  • Finn ut meir om korleis nazistane gjekk fram for å påverke ungdommen, og kva formål dei hadde med det.
  • Samanlikn med forholda i andre totalitære/autoritære samfunn.
  • Lag eit rollespel med utgangspunkt i det de har lært.
  • Skriv eit dagboksnotat som tek for seg ein dag i livet til ein gut eller ei jente på dykkar eigen alder i Hitler-Tyskland.
« Attende