Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  15 (Fascismen og nazismen)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Framveksten av nazismen i Tyskland - eit rollespel
   
  15. FASCISMEN OG NAZISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Framveksten av nazismen i Tyskland - eit rollespel


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • presentere ein historisk person og drøfte korleis samtidige idear og samfunnsforhold påverka tenkjemåtane og handlingane til denne personen
  • vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet

Rollespel om framveksten av nazismen i Tyskland

Rollespelet opnar for å utforske den sosiale, politiske og psykologiske bakgrunnen for at nazismen voks fram og blei så sterk i Tyskland i 1930-åra.

Bakgrunn

Vi er i Tyskland i året 1930, like før riksdagsvalet. Landet er blitt råka av den økonomiske verdskrisa for fullt, og arbeidsløysa er skyhøg. Kommunistar og nazistar slåst mot kvarandre i gatene. Weimarrepublikken knakar i saman­føyingane, og folk begynner å miste trua på demokratiet.

Elevane arbeider i grupper på tre. Dei simulerer tre klassekameratar som ikkje har sett kvarandre på to år, etter at dei blei ferdige med skolegangen. Når dei no møtest igjen, oppdagar dei at dei har utvikla seg i svært ulike retningar. Sidan dei var gode venner da dei gjekk på skolen saman, begynner dei ikkje å slåst, men set seg ned for å diskutere.

Rollekort

Person 1:
Du har ikkje greidd å finne arbeid, jamvel om du var flink på skolen. Far din gjekk konkurs, og du meiner at jødiske forretningsfolk lurte han. Du er ganske bitter, og du er misnøgd både med dei konservative og venstresida. Derimot blir du tiltrekt av slagorda frå nazistane. Etter kvart blir du overtydd om at Føraren er løysinga. Du melder deg inn i NSDAP, blir kanskje med i stormtroppane som slåst med kommunistane og forsvarer bønder mot tvangsauksjonar. Du er blitt ein fanatisk nazist.

Person 2:
Du er også arbeidsledig. Du kjem frå eit arbeidarmiljø, og mange av kameratane dine er aktive på venstresida. Den økonomiske verdskrisa og den enorme arbeidsløysa beviser i dine auge at kapitalismen er eit mislykka system, og at borgarskapet sine dagar er over. Du synest at sosialdemokratane er for tamme og handlingslamma overfor dei konservative og nazistane, og du blir derfor med i kommunistpartiet, som er villig til å kjempe for revolusjonen med alle middel.

Person 3:
Du kjem frå ein velutdanna middelklassefamilie og har begynt å studere jus ved universitetet. Mor di er halvt jødisk. Du synest at Weimarrepublikken trass i alt har mange gode sider, og at demokratiet og fridommen fortener ein sjanse. Du støttar eit av dei små liberale partia. Både nazistane og kommunistane skremmer deg med ekstremismen sin.

« Attende