Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  15 (Fascismen og nazismen)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Nazistisk arkitektur og Olympiastadion
   
  15. FASCISMEN OG NAZISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Nazistisk arkitektur og Olympiastadion


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • drøfte korleis historie er blitt brukt og blir brukt i politiske samanhengar
  • gi eksempel på korleis ulike uttrykk innanfor musikk, arkitektur eller biletkunst i ein tidsperiode kan sjåast i samanheng med utviklinga på andre samfunnsområde
  • vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet
  • gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet
 
Det følgjande er ei framstilling av arkitekturen under nazismen med utgangspunkt i Olympiastadion i Berlin. Til slutt følgjer forslag til korleis dette stoffet kan brukast i undervisninga.

Det er kjent at den nazistiske ideologien tok avstand frå ei rekkje moderne kunstformer, som blei definerte som Entartete Kunst («degenerert kunst»). I dag vil vi seie at denne kunsten sorterer inn under den retninga vi kallar modernisme. Men den nazistiske ideologien hadde også eit kunstnarleg og stilmessig ideal. I arkitekturen kom dette idealet aller best til syne i Berlin og i dei nokså stormannsgalne planane til Hitler om Germania, ein hovudstad på linje med Roma og Babylon, som skulle stå i tusenvis av år. Det var planleggingsminister og arkitekt Albert Speer som stod bak planteikningane til denne enorme byen. Men han teikna svært få av bygningane som blei reiste under styret til Hitler.
 
For å gjere dette stoffet enklare og meir handgripeleg for undervisning kan ein fokusere på eit kjent bygg som blei ferdigstilt under Hitler, og som framleis står i dag: Olympiastadion i Berlin. Det er eit godt eksempel på den typisk nazistiske arkitekturen. Ein kan arbeide med arkitekturen i samanheng med Sommar-OL i Berlin i 1936, der Hitler stod og såg på at afroamerikanaren Jesse Owens vann fleire gullmedaljar. Sidan mange elevar engasjerer seg i både idrett og rasisme, kan emnet vekkje interesse. Dessutan kjenner ein del elevar kanskje til bygget etter å ha vore i Berlin, eller fordi dei har sett fotball-VM i 2006 i fjernsyn, ikkje minst finalen. Ein kan også snakke om stadion i samanheng med propaganda og vise Leni Riefenstahls film Olympia.

Eit viktig kjenneteikn ved den nazistiske arkitekturstilen er at bygningane skulle ha lett gjenkjennelege klassiserande trekk. Søyler og pilastrar og andre element som sende tankane til stordomstida i Romarriket, var viktige å få med. Samtidig skulle bygningane ha eit militært og monumentalt preg. Derfor måtte ein unngå runde former og feminine trekk som voluttar (snurra dekorasjon) og dekorerte kapitel (søylehovud). Byggverka skulle gjerne vere overdimensjonerte, og dei vertikale linjene skulle understrekast. Dei store formene skulle sannsynlegvis skape ei kjensle hos tilskodaren av å vere eit lite menneske mot den store ideologien og politikken, og få maktmenneska til å verke større.
 
Olympiastadion stod ferdig til Dei olympiske sommarleikane i 1936 og var teikna av arkitekten Werner March. Vi ser tydeleg dei nazistiske trekka. For det første sender den runde stadionforma tankane til det antikke Roma og Colosseum, som var førebilete for nazistisk arkitektur. Olympiastadion var også bygd med enorme framtidige nazisamlingar i tankane.
 
Ved inngangen til stadion blir ein møtt av to kolossale søyler som ein må gå imellom for å komme inn på arenaen. Søylene blir kalla Maraton-porten. Dei er firkanta i forma og er bygde i stein. I tråd med den nazistiske arkitekturen skulle dei kolossale dimensjonane gi ei kjensle av ærefrykt overfor leiaren og ideologien. Når ein står på plassen ved Maraton-porten, ser ein gjennom det enorme stadion, og i enden av ein akse står eit like enormt klokketårn som speglar forma til dei to enorme søylene. Dette klokketårnet skulle fungere som utkikspost. Ved foten av tårnet stod eit minnesmerke over falne tyskarar under den første verdskrigen, med heroiske forteljingar om korleis soldatane døydde.
 
Sjølve ideen om eit olympiastadion passar også perfekt inn i den nazistiske ideologien. Ikkje berre er Dei olympiske leikane ein arv frå antikken. Også ideen om dei naturlege menneskekroppane som kjempar mot kvarandre, kunne nazistane slutte opp om. Her skulle den ultimate menneskekroppen visast fram, og vinnarar skulle kårast. Denne dyrkinga av menneskekroppen ser vi også gong på gong i skulpturform rundt sjølve Olympiastadion. Dei største kunstnarane i samtida hadde medverka med klassiserande skulpturar av muskuløse nakne menn i idrettspositurar.
 
Anlegget ligg like vest for Berlin og blir framleis brukt som idrettsarena. Dagleg blir det teke i bruk som heimebanen til Berlin-fotballaget Hertha, men det blir også brukt til store arrangement. Sist blei det brukt under fotball-VM i 2006 og friidretts-VM i 2009.
 
Korleis kan vi bruke dette stoffet i undervisninga?
 
  1. Eit av kompetansemåla i læreplanen er at elevane skal kunne drøfte korleis historie er blitt brukt og blir brukt i politiske samanhengar. Gjennomfør ein klassediskusjon eller la elevane skrive ein drøftande tekst om korleis arven frå antikken kan bli misbrukt. Blir denne arven brukt på meir positive måtar i dag?
  2. Eit av kompetansemåla i læreplanen er at elevane skal kunne gi eksempel på korleis ulike uttrykk innanfor musikk, arkitektur eller biletkunst i ein tidsperiode kan sjåast i samanheng med utviklinga på andre samfunnsområde. Elevane kan sjå bilete frå Olympiastadion og finne ut kva element dei sjølve synest passar saman med den nazistiske ideologien, etter at dei har lese kapittel 15 i læreboka i nyare historie.
  3. Diskusjon om propaganda. Elevane ser filmen Olympia av Leni Riefenstahl og studerer bilete av Olympiastadion. Etterfølgjande diskusjon: Korleis kan kunst og arkitektur brukast i propaganda? Ein kan gjerne også sjå på andre eksempel på stormannsgalskap i arkitekturen, for eksempel frå Sovjetunionen under Josef Stalin, Irak under Saddam Hussein, det rumenske presidentpalasset og Nord-Korea i dag.

Kjelder:
 
Donath, Matthias. Architecture in Berlin 1933–1945. A guide through Nazi Berlin. Lukas Verlag, 2006.
 
Berliner Unterwelten. Mythos Germania – Schatten und Spuren der Reichshauptstadt. Lehmanns Media, 2008.

« Attende