Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  15 (Fascismen og nazismen)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Biletkunst og historie (kapittel 14 og 15)
   
  15. FASCISMEN OG NAZISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Biletkunst og historie (kapittel 14 og 15)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet
  • gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknadene dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet

Oppgåve

Kunsten i mellomkrigstida avspeglar på mange måtar krisa på det politiske og økonomiske området. Kunstnarane gjekk bort frå det tradisjonelle, figurative måleriet og begynte å skape såkalla modernistisk kunst. Denne kunsten blei av nazistane skulda for å vere «entartet» (degenerert), og blei derfor forboden og brend etter at Hitler kom til makta i Tyskland i 1933. Oppgåva under kan gjennomførast som ein munnleg klassediskusjon eller som individuell skriftleg oppgåve.

Otto Dix (1891–1969): «Storby» frå 1928, side 220–221 i Portal
Sjå på biletet. Kva inntrykk får de? Kva kan biletet fortelje om samfunnet i 1920-åra? Kva taler for at det har eit samfunnskritisk formål?

George Grosz (1883–1959): «Gatescene i Berlin» frå 1930, side 223 i Portal
Kva fortel dette biletet? Samanlikn med det førre biletet. Vil de seie at desse bileta gir eit realistisk inntrykk av samfunnet? Kvifor/kvifor ikkje?

Ivo Saliger (1894–1987): «Paris dømmer» frå 1939, side 241 i Portal
Dette biletet representerer kunstidealet til nazistane. Kva er motivet i biletet? Korleis blir menneska framstilte? Er det eit bilete som gir eit realistisk inntrykk av samfunnet? Kvifor/kvifor ikkje?

Som oppsummering kan ein spørje elevane kva dei meiner er den største skilnaden mellom dei tre bileta. Kvifor trur dei at nazistane definerte dei to første bileta som «entartet»? Kva for eit av bileta fortel mest om samfunnet i mellomkrigstida?
« Attende