Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  16 (Kriser og klassekamp i Noreg)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Kampen om alkoholen
   
  16. KRISER OG KLASSEKAMP I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kampen om alkoholen

Alkoholen har alltid vore ei kjelde både til glede og otte, både for den einskilde og for samfunnet. I periodar har alkoholmisbruket vore så omfattande at det har skadd samfunnet. Folk har ikkje kunna arbeide på grunn av alkoholmisbruk og dermed heller ikkje kunna forsørgje seg og sin familie. Derfor har styresmaktene på ulike måtar freista å kontrollere og redusere alkoholbruken. Dette kan du lese om i artiklane på nettstadene under. Svar så på spørsmåla.

  1. Kva innverknad har poteta hatt for alkoholbruk i Noreg?
  2. Kva blei konsekvensane av liberaliseringa av alkoholpolitikken i Noreg i byrjinga av 1800-talet?
  3. Kva for konsekvensar fekk første verdskrig for alkoholforbruket og alkoholomsettinga?
  4. Kva skjedde med alkohollovgivinga i Noreg i 1917?
  5. Kva blei resultatet av folkeavrøystingane om alkoholforbod i 1919 og 1922?
  6. Kva var årsakene til dette resultatet?
  7. Kva fortel tabellane som er laga på bakgrunn av folkeavrøystingane om skilnader i ulike delar av landet i synet på alkohol, og kva trur du er årsakene til desse skilnadene?
  8. Kva fortel dei to bøkene som blir omtalte i artikkelen på den siste av nettstadene under om alkoholkultur og alkoholdebatt i Noreg i mellomkrigstida?


Nettstader:
http://www.ntnu.no/ojs/index.php/norepid/article/view/270/248
Artikkel av Ragnar Hauge ved NTNU om alkohol i norsk historie. Les frå ”Alkoholbruk og liberalisme”.

http://www.ssb.no/a/histstat/aarbok/ht-000130-004.html
Statistikk frå Statistisk sentralbyrå om folkeavrøystingane om alkohol.

http://www.apollon.uio.no/artikler/2001/alkohol.html
Artikkel om alkohol og kultur i mellomkrigstida frå Universitetet i Oslo.

« Attende