Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  17 (Den andre verdskrigen)   >  Til læraren  >  Kjeldeopplegg  >  Katastrofetida 1914–1945 (kapittel 11 og 17)
   
  17. DEN ANDRE VERDSKRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Katastrofetida 1914–1945 (kapittel 11 og 17)


Ulike syn

To verdskrigar eller ein samanhengande trettiårskrig?
Den seks år lange krigen som Hitler sette i gang i 1939, hadde så mange likskapar med den krigen som braut ut i 1914, at ein frå første stund med rette har snakka om den andre verdskrigen. Problemet tysk atterreising var så viktig for dei europeiske regjeringane at tida mellom krigane er blitt kalla ei tjue års våpenkvile og heile perioden mellom 1914 og 1945 er blitt kalla den andre trettiårskrigen. Det var rett nok mange likskapstrekk og tallause sambandslinjer mellom dei to krigane: begge tok til i Aust-Europa … i begge stod Frankrike og England saman mot eit tyskdominert Sentral-Europa, i begge måtte Tyskland kjempe på to frontar, begge blei vunne av ein storallianse mellom Storbritannia, Frankrike, Russland og USA og begge endra karakter undervegs, slik at dei kom til å engasjere dei fleste maktene i verda …

På den andre sida må likskapane ikkje få skugge for dei innlysande skilnadene. Den andre var i mykje større grad ein verdskrig enn den første. Under den andre krigen var det langvarig krigføring ikkje berre i Atlanteren, men også i Stillehavet; ikkje berre i Europa, men også i Afrika og Asia. Den andre krigen førte til nederlag for Japan i tillegg til Tyskland og Italia. Krigen førte ikkje til samanbrot for Russland, men for Frankrike. Krigen utløyste ikkje revolusjon i Russland, men i Kina, og førte ikkje til deling av Tyrkia og Austerrike-Ungarn, men til deling av Tyskland.

David Thomson: Europe Since Napoleon, London 1974, omsett til norsk av forfattaren


Perioden frå 1914 til 1945 er ofte blitt nemnd som trettiårskrigen på 1900-talet. Ingen annan like lang periode har vore vitne til at så mange menneske er blitt drepne, at så mykje eigedom er blitt øydelagd og at så mykje nasjonal rikdom er blitt sløst bort på uproduktive formål … Den såkalla mellomkrigstida i 1920- og 1930-åra kan ikkje reknast som ein fredsperiode. Desse åra var i staden, som den franske generalen Ferdinand Foch korrekt spådde etter den første verdskrigen, ei «tjue års våpenkvile».

Det var ei våpenkvile som stadig vekk blei broten av konfliktar mellom nasjonalitetar, av vald og av rivalisering mellom stormaktene, som rydda vegen for den andre verdskrigen. Den sentrale aktøren i denne trettiårskrigen var den økonomisk avanserte og militært sterke staten Tyskland. Dei to krigane var i stor grad eit resultat av at denne nasjonen hadde ein ambisjon om å dominere Europa, og av alt som dei andre stormaktene samla gjorde for å hindre at det skjedde, ved å bruke diplomatisk press i fredstid og militær styrke i krigstid.

William R. Keylor: The Twentieth-Century World. An International History, New York / Oxford 2001, omsett til norsk av forfattaren
  1. Historikarar har i mange år diskutert om den første og den andre verdskrigen var to separate krigar eller ein samanhengande trettiårskrig. Korleis ser historikarane Thomson og Keylor på dette spørsmålet?
  2. Kva faktorar legg dei to historikarane vekt på når dei skriv om trettiårskrigen?
« Attende