Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  18 (Okkupasjonstid i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Den andre verdskrigen (kapittel 17 og 18)
   
  18. OKKUPASJONSTID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Den andre verdskrigen (kapittel 17 og 18)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • identifisere og vurdere historisk materiale av ulik art og opphav som kjelder, og bruke det i eigne historiske framstillingar
  • bruke digitale verktøy til å planleggje, gjennomføre og presentere ei problemorientert undersøking ut frå eigne spørsmål til eit historisk materiale
  • gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet

Prosjekt om den andre verdskrigen

Dette arbeidsopplegget høver godt som prosjektoppgåve, der elevane anten arbeider to og to eller individuelt. Prosjektet fører fram til ei munnleg framføring etter ca. to økters arbeid. Det er mogleg å gjennomføre prosjektet tverrfagleg, saman med norsk.

Oppgåver:
  • Be elevane velje eit emne knytt til den andre verdskrigen og lage ei problemstilling som dei skal svare på.
  • Elevane skal bruke minst fire ulike kjelder, og kjelder av ulike typar bør vere representerte, for eksempel læreboka, Internett, film eller fjernsynsseriar, andre bøker (faglitteratur, romanar, dikt), levande personar, propagandaplakatar eller -talar, aviser, fotografi, gjenstandar eller musikk.
  • Det skal gjennomførast ein analyse av ei av kjeldene, for eksempel ein biletanalyse av ein plakat. Her kan elevane dra inn fagstoff frå norskfaget.
  • Elevane skal lage ei oversikt over alle kjeldene dei har brukt i prosjektet.
    • Bok: Tittel på boka, forfattar og utgivingsår.
    • Internett: Heile internettadressa, også dato.
    • Film: Kven som står bak produksjonen, utgivingsår, regissør, produksjonsland.
  • Elevane skal dele kjeldene inn i primære og sekundære kjelder. Dei bør bruke begge typar i prosjektet. Dei skal bruke det som står om kjeldekritikk på side 6 i Arbeidsportal.
  • Elevane skal vurdere kor truverdige kjeldene er:
    • Kven har gitt ut kjelda? Dette er spesielt viktig når det gjeld kjelder på Internett, der kven som helst kan leggje ut kva som helst. Kva ideologisk ståstad har utgivaren?
    • Når blei kjelda gitt ut? Framstillingar av historiske hendingar er gjerne sterkt prega av samtida si, og tidsvitne som fortel om hendingar mange år seinare, kan ha gløymt ting eller hugse feil.
    • Kva er formålet med kjelda? Informasjon, underhaldning eller propaganda? Filmar som først og fremst er laga for å underhalde, tek ikkje alltid omsyn til fakta. Be elevane vere kritiske til filmar som er laga for å overtyde om eit spesielt syn.
    • Gjer elevane merksame på at dei bør vere kritiske til kjelder som bruker mange ord som er ladde, det vil seie ord som uttrykkjer sterke positive eller negative kjensler.
« Attende