Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  18 (Okkupasjonstid i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Max Manus
   
  18. OKKUPASJONSTID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Max Manus


Kompetansemål

Elevane skal kunne

  • presentere ein historisk person og drøfte korleis samtidige idear og samfunnsforhold påverka tenkjemåtane og handlingane til denne personen
  • bruke digitale verktøy til å planleggje, gjennomføre og presentere ei problemorientert undersøking ut frå eigne spørsmål til eit historisk materiale
  • gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknadene dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet
  • gi eksempel på og drøfte korleis utstillingar, minnesmerke, minnedagar eller markeringa av bestemte historiske hendingar har noko å seie for notida


Oppgåve

Oppgåva er å lage ein presentasjon om ein historisk person, krigshelten Max Manus. Bruk gjerne dei digitale ressursane som er nemnde under. Opplegget kan for eksempel knytast til filmen Max Manus (2008). Ein mogleg arbeidsmåte er å problematisere forholdet mellom den verkelege og den fiktive Max Manus. Kvifor er vi så opptekne av historiske hendingar som den andre verdskrigen? Kvifor blir somme personar opphøgde til heltar, mens andre (som kommunistiske motstandsfolk og krigsseglarar) blir gløymde?


Kjelder:

http://www.maxmanus.no/Om-Max-Manus/Personen-Max-Manus
Artikkel om Max Manus frå nettstaden maxmanus.no, skriven av Tikken Manus.

Film: Max Manus, 2008. Regi: Espen Sandberg, Joachim Rønning.

Spørsmål til filmen:

  1. Korleis blir nordmenn og tyskarar framstilte i filmen?
  2. Korleis trur du nordmenn behandla den norske kjærasten til Siegfrid Fehmer etter krigen?
  3. Kvifor trur du filmskaparane har inkludert scenen der Max Manus møter ein sympatisk tyskar på toget?
  4. Kvifor trur du filmen blei så populær?
  5. Kvifor trur du filmen blei så omdiskutert?
« Attende