Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  18 (Okkupasjonstid i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Framstillinga av okkupasjonstida i Noreg
   
  18. OKKUPASJONSTID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Framstillinga av okkupasjonstida i Noreg


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • undersøkje korleis eigne førestellingar om fortida er blitt forma, og diskutere kva faktorar som gjer at menneske kan ha ulike oppfatningar om fortida
  • drøfte korleis historie er blitt brukt og blir brukt i politiske samanhengar

Ein kan skilje mellom:

– fortida slik ho ein gong var

– det frå fortida som vi har kunnskapar om

– den kunnskapen om fortida som dei ulike historiebøkene vel å ta med i framstillinga


Ein bør ta med seg kunnskap om:

Historie som vitskap

- vitskaplege metodar

- kjeldekritikk, dokumentasjon

- kritisk tenking

- nyansert tenking

- søking etter ny kunnskap om fortida


Historie som identitet

- minne og forteljingar

- kven som har sagt kva

- bruk av fortida

- ofte anten-eller-tenking



Oppgåver
  1. Ein kan be elevane samanlikne heile framstillinga av okkupasjonstida i Noreg. Dei kan kanskje anten velje mellom eksisterande verk for vidaregåande skole, eller ta for seg utvalde verk for vidaregåande skole frå 1950-åra til i dag.
  2. En kan ta ut eitt eller fleire emne i framstillinga av okkupasjonstida i Noreg, henta frå ulike læreverk, og be elevane samanlikne. Under følgjer nokre utvalde sitat.
Jakt på skilnader i lærebøker

«Det gikk ikke å knekke nordmennene. Vi trossa tyskerne og de norske forræderne på alle måter, spredte nyheter utafra som tyskerne ikke ville vi skulle få rede på, nekta skolebarn nazistisk opplæring, laga hemmelige organisasjoner som øvde seg i våpenbruk, og mange andre ting. Til slutt var det bygd opp en motstandsfront som omfatta hele landet …»

Vi ere en nasjon vi med, Aschehoug 1946


«Selv om regjeringen hadde valgt å fortsette krigen mot tyskerne, ble det i de okkuperte områdene raskt inngått samarbeid mellom nordmenn og tyskere. Samarbeidet ble innledet før kampene i Noreg var over. Flere tusen nordmenn tok arbeid på tyske anlegg …»

Inn i atomalderen, Cappelen 1989


«Mange som var barn eller ungdommer under krigen, kan fortelle om et sterkt familiesamhold, uten store generasjonsmotsetninger. Det var tunge og vanskelige tider, og familiene måtte holde sammen.»

Underveis 9, Gyldendal 1998


«Okkupasjonskvardagen sette også familieliv og privatmoral under press. Færre enn før gifta seg, og talet på skilsmisser auka jamt frå ca. 1100 i 1939 til 2200 i 1946, det høgaste talet i norsk historie til da. […] Talet på tjuveri auka sterkt, ikkje minst blant kvinner.»

Portal, Noreg etter 1850, Samlaget 2003

« Attende