Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  19 (Imperia raknar)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Økonomisk utvikling i ulike delar av verda etter 1945 (kapittel 19, 20 og 24)
   
  19. IMPERIA RAKNAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Økonomisk utvikling i ulike delar av verda etter 1945 (kapittel 19, 20 og 24)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • finne eksempel på hendingar som har forma historia til eit ikkje-europeisk land etter 1900, og reflektere over korleis landet kunne ha utvikla seg om desse hendingane ikkje hadde skjedd
  • gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945

Opplegg
Eit gjennomgåande tema i Portal er økonomisk utvikling og vilkåra som kan fremje og hindre økonomisk vekst. Korleis skal vi forklare at somme land, for eksempel Noreg, har oppnådd ein nærmast eventyrleg levestandard, mens folk i andre delar av verda knapt nok får dekt dei mest grunnleggjande behova sine?

Opplegget som følgjer, kan gjerne gjennomførast som ei slags oppsummering på slutten av året, slik at ein kan bruke stoff som er blitt gjennomgått tidlegare. Dei mest aktuelle kapitla er 19, 20 og 24. Generell kunnskap om for eksempel den industrielle revolusjonen og nyare norsk historie kan også vere nyttig.

Opplegget opnar med ein klassediskusjon, der elevane blir oppmoda til å reflektere på eiga hand om kvifor somme land oppnår økonomisk vekst, mens andre ikkje gjer det. I denne fasen skal dei ikkje bruke Internett eller andre kjelder, men komme med sine eigne idear.

Deretter deler klassa seg inn i grupper der kvar person i gruppa tek for seg utviklinga i eitt land i ulike delar av verda, for eksempel Sør-Korea (Aust-Asia), Pakistan (Sør-Asia), Noreg (Vest-Europa), Somalia (Afrika) og Guatemala (Latin-Amerika).

Årsaker til økonomisk utvikling:
  • naturressursar, geografiske forhold
  • kulturelle forhold, religion, mentalitet
  • utanrikspolitiske forhold
  • indre politiske forhold
Opplegget blir avslutta med ein felles diskusjon der elevane samanliknar resultata sine. Kva meiner dei no er dei viktigaste årsakene til dei store økonomiske skilnadene i verda?

« Attende