Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Til læraren  >  Kjeldeopplegg  >  Historieskrivinga om den kalde krigen
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Historieskrivinga om den kalde krigen

Historieskrivinga om den kalde krigen er eit godt eksempel på korleis kvar generasjon skriv sin versjon av fortida i lys av tankeretningar, hendingar og behov i si eiga tid. Tradisjonalistar, revisjonistar og postrevisjonistar har vore dei tre hovudgruppene av kaldkrigshistorikarar. Tre spørsmål skil hovudretningane frå kvarandre.

Kven var ansvarleg for den kalde krigen? Kven var den mest aktive parten i den første fasen av den kalde krigen, dei første åra etter andre verdskrigen? Kva var dei sentrale drivkreftene bak den politikken som blei ført?

Tradisjonalistane skreiv nærmast samtidshistorie. Dei meinte, i tråd med gjeldande amerikansk politikk, at Sovjetunionen med Stalin i spissen hadde skulda for den kalde krigen. Dei hevda at Sovjetunionen ønskte å utvide sitt dominansområde til heile verda. USA førte ein passiv politikk der behovet for å forsvare eigne og vesteuropeiske tryggingsinteresser mot sovjetisk ekspansjon var den fremste drivkrafta. Dette synet på årsakene til den kalde krigen dominerte historieskrivinga frå 1945 til 1960-talet.

Motstanden mot USAs krigføring i Vietnam førte til at enkelte historikarar blei mer kritiske også til USAs atferd og motiv i den tidlege fasen av den kalde krigen. På 1960-talet kom det historisk forsking som konkluderte med at det var USA som hadde skulda for den kalde krigen, og at dei hadde begynt sin kamp mot sovjetisk innverknad allereie før slutten av andre verdskrigen. Drivkreftene var den amerikanske kapitalismens behov for verdmarknader, og ein grunnfesta antikommunisme.

For å stoppe venstrekreftenes makt i verda tok USA i bruk ei heil rekkje sterke verkemiddel, frå atombombene over Hiroshima og Nagasaki, til Marshallhjelp og anna økonomisk støtte. Ifølgje revisjonistane gjorde ikke Sovjet anna enn å forsvare seg mot USAs ambisjonar, blant anna ved å sikre seg Aust-Europa som ei buffarsone mot USAs dominansområde.

Utover på 1970-talet, i takt med aukende avspenning og samhandling mellom aust og vest, blei den revisjonistiske bølgja avløyst av nye tolkingar av årsakene til den kalde krigen. Dei såkalla postrevisjonistane presenterte eit meir balansert syn der ansvaret for den kalde krigen blei mer likeleg fordelt mellom Sovjet og USA. Dei var einige med revisjonistane i at USA hadde mye av politikken sin på plass før den andre verdskrigen var over, og tok i bruk eit breitt spekter av verkemiddel, men meiner revisjonistane overdriv det antisovjetiske elementet som drivkraft i amerikansk politikk. Postrevisjonistane avviser at Sovjets Aust-Europa-politikk kan forklarast med amerikanske ambisjonar.

Etter Sovjets fall har ein del amerikanske historikarar vendt tilbake til ei tolking av årsakene til den kalde krigen som liknar på tradisjonalistanes, ved at sovjetisk ideologi og Stalins personlegdom blir vurdert blant dei viktigaste årsakene til den kalde krigen. Den politiske utviklinga med Sovjets fall og USAs sigrande utgang av den kalde krigen, tolkast av enkelte som nok ein indikator på at Sovjet var den skuldige og at USA førte ein riktig politikk. Desse historikarane er blitt kalt triumfalistar. Dei har fått støtte frå unge, russiske historikarar som er opptekne av å knuse det gamle regimet.


Kjelde: Geir Lundestad: Øst, Vest, Nord, Sør.
« Attende