Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Til læraren  >  Kjeldeopplegg  >  Marshallhjelpa - motiv
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Marshallhjelpa - motiv

Kva motiv hadde USA for å gi Marshallhjelp til Europa? Opp gjennom åra har det vore peika på mange og ulike motiv. Historikaren John Gimbel har oppsummert dei slik:
  • Marshallhjelpa var eit humanitært program for å støtte europeisk gjenoppbygging og hjelpe folk som leid naud.
  • Marshallhjelpa var eit program for å fremje fred, fridom og velstand.
  • Marshallhjelpa var eit økonomisk program for å gjenreise Europas finansielle, fiskale og politiske stabilitet; for å stimulere verdshandelen, for å utvide amerikanske marknader, for å unngå ein indre amerikansk depresjon. Ho var eit middel for å skape eit multilateralt handelssystem dominert av amerikanske kapitalistar; og for å ta vare på det kapitalistiske hegemoniet over dei landa som seinare skulle bli den tredje verda.
  • Marshallhjelpa har også blitt sett på som Trumandoktrinens naturlege framhald: Eit program for å stoppe kommunismen, for å tiltrekke seg dei sovjeitiske satellittane og for å stoppe russarane.
  • Marshallhjelpa var eit program som lovde reduserte militærutgifter i framtida, men som også skulle sikre USA strategisk viktige råvarer og gi tilgang på militære basar i utlandet.
  • Marshallhjelpa var eit program for å fremje integrasjon i Europa, for å redusere nasjonalisme og for å fremje europeisk føderasjon. Den hadde kanskje som mål å etablere ein europeisk union.
Kjelde: John Gimbel: The Origins of the Marshall Plan.

« Attende