Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  21 (Etterkrigstid og sosialdemokratisk orden i Noreg)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Noreg og den kalde krigen
   
  21. ETTERKRIGSTID OG SOSIALDEMOKRATISK ORDEN I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Noreg og den kalde krigen

Vi veit i dag at Noreg melde seg inn i NATO i 1949, og dermed valde side i den kalde krigen. Å melde seg inn i ein forsvarsallianse som NATO var eit brot med tidlegare utanrikspolitikk, og det var ikkje utan ordskifte at Noreg kunne melde seg inn i organisasjonen.

Men kvifor valde ikkje regjeringa og Stortinget nøytralitet, eit nordisk samarbeid eller ein allianse med Sovjetunionen?

Hjelp til å svare på spørsmålet finn du i kjeldene under, som er ordna kronologisk, slik at du kan følgje utviklinga i ordskiftet:


Kjelder:

Portal. Verdshistorie og noregshistorie etter 1750 side 360–363, frå «Utanrikspolitikk og fiendebilete».

Virksomme ord: Einar Gerhardsen: Friheten og demokratiet i fare (Kråkerøytalen 1948).

Kjeldeoppgåva "Noreg og Sovjetunionen". Sjå kjelde 1 («Den norske basefråsegna 1949») og kjelde 2 («Problem med basefråsegna?»).

Einar Gerhardsen: Tilslutning til NATO, DNAs landsmøte, februar 1949.


Medieressurs:

Halvard Lange (Utanriksminister): Tale i Stortinget om Atlanterhavspakta 29. mars 1949.

« Attende