Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  21 (Etterkrigstid og sosialdemokratisk orden i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kjeldekritikk
   
  21. ETTERKRIGSTID OG SOSIALDEMOKRATISK ORDEN I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kjeldekritikk


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet
  • gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945
  • gjere greie for korleis arbeidsliv og arbeidsdeling mellom kjønna har endra seg i Noreg frå 1800-talet og fram til i dag
  • gi eksempel på kontroversielle historiske emne og drøfte motstridande årsaksforklaringar til ei historisk hending
  • undersøkje korleis eigne førestellingar om fortida er blitt forma og diskutere kva faktorar som gjer at menneske kan ha ulike oppfatningar om fortida

Når ein har komme så langt i historia, nærmar det seg ofte slutten av skoleåret. Elevane bør ha trening i kjeldekritikk og kunne vise forståing for at historia kan framstillast på ulike måtar. Nettopp dette kan dei arbeide med for å lære meir om denne epoken. Kjeldetilfanget, både når det gjeld primærkjelder og litteratur, er enormt. Ei oppgåve kan vere å finne andre, kanskje kontroversielle, kjelder som gjeld etterkrigstida, og å samanlikne dei med det læreboka seier om somme emne, for eksempel velferdsstaten og kvinner si stilling.

Eksempel på kjelder:
Oppgåver:
  • Be elevane studere korleis kjeldene skil seg frå kvarandre. Ordbruken er viktig, og verdisynet bør også komme klart fram.
  • Denne oppgåva kan vere eit utgangspunkt for elevane til å finne ut meir om korleis politikarar og forfattarar kan bruke historia til å fremje eigne politiske syn.
  • Oppgåva høver også til diskusjon: Bør lærebøker leggje vekt på å ha eit nøytralt verdisyn, eller kan det vere eit poeng for ei lærebok å skape debatt?
« Attende