Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  21 (Etterkrigstid og sosialdemokratisk orden i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Halvard Lange om NATO
   
  21. ETTERKRIGSTID OG SOSIALDEMOKRATISK ORDEN I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Halvard Lange om NATO

Kompetansemål

Elevane skal kunne

  • identifisere og vurdere historisk materiale av ulik art og opphav som kjelder, og bruke det i eigne historiske framstillingar
  • gi eksempel på kontroversielle historiske emne og drøfte motstridande årsaksforklaringar til ei historisk hending
  • gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945
  • undersøkje to eller fleire internasjonale konfliktar etter 1945, og vurdere konfliktane, sett frå ulike perspektiv

Lydklippet dreiar seg om Atlanterhavspakta, som seinare skulle bli til NATO-avtalen. I læreboka står det (side 360): «Både før og etter avgjerda var det stor diskusjon.» La elevane spele denne diskusjonen slik dei trur han gjekk føre seg. Det krev sjølvsagt at elevane set seg grundig inn i argumenta som blei brukte.

Del klassa i to. Den eine delen er for og den andre imot norsk medlemskap i NATO, eller den eine delen er einig og den andre er ueinig i det Lange seier i talen. Deretter gjennomfører klassa ein debatt.

http://virksommeord.uib.no/taler?id=3523
"Atlanterhavspakten (2)". Tale ved Arbeiderpartiets landsmøte 19.2.49. Frå "Virksomme ord".

« Attende