Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  21 (Etterkrigstid og sosialdemokratisk orden i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Historiske nyheitssaker (kapittel 21, 22 og 23)
   
  21. ETTERKRIGSTID OG SOSIALDEMOKRATISK ORDEN I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Historiske nyheitssaker (kapittel 21, 22 og 23)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945

Oppgåve
Mange skolar har tilgjenge til A-tekst. Det er ein uvurderleg ressurs med ei mengd historiske kjelder til nær historie. I arbeidet med desse tre kapitla kan ein be elevane om å finne ei tilfeldig avis frå perioden 1965–1990. Gi dei eit årstal kvar, og be dei finne avisa som kom ut på fødselsdatoen deira det året (minn dei på at aviser ikkje kom ut på søndagar i denne perioden). Be dei finne ei nyheitssak som dei kan relatere til noko som står i læreboka. Dei skal lage ein kort presentasjon om nyheitssaka, som skal leggjast fram for klassa. Det er viktig at dei ikkje berre presenterer einskildsaka, men også forklarer kvifor denne saka er ein del av eit historisk viktig fenomen. På den måten øver elevane seg på å setje saker inn i ein historisk samanheng og på å sjå det store biletet. Til slutt kan elevane også bestemme seg for om den saka dei har valt, er ei sosial, politisk, økonomisk eller kulturell hending.

« Attende