Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  22 (Vekstkritikk og norsk oljeeventyr)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Noreg etter 1945 (kapittel 21, 22 og 23)
   
  22. VEKSTKRITIKK OG NORSK OLJEEVENTYR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Noreg etter 1945 (kapittel 21, 22 og 23)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet
  • gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945
  • gi eksempel på korleis ulike uttrykk innanfor musikk, arkitektur eller biletkunst i ein tidsperiode kan sjåast i samanheng med utviklinga på andre samfunnsområde
  • gjere greie for korleis arbeidsliv og arbeidsdeling mellom kjønna har endra seg i Noreg frå 1800-talet og fram til i dag
  • gjere greie for befolkningsutviklinga i eit lokalsamfunn over ein lengre periode og diskutere kva faktorar som har vore viktige for livssituasjonen til innbyggjarane

Oppgåver:
Denne epoken er kjend for mange elevar. Dei fleste har foreldre og besteforeldre som har opplevd mykje av det læreboka fortel om. Det kan vere morosamt for elevane å opptre som historikarar ved å drive historieforsking på eiga hand, ved å gå til sin eigen familie og lage ei framstilling av historia på den måten.

For at denne «forskinga» skal bli så fruktbar som råd er, bør elevane ha ein del kunnskap om perioden på førehand, og også om korleis ein arbeider med kjelder. Ein kan for eksempel gå fram slik:

Innleiing: Presentasjon av perioden som heilskap. Lærar og elevar finn fram til dei viktigaste økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle kjenneteikna ved perioden. Her er det mykje å ta av, og ein kan kanskje gjere som læreboka og dele perioden inn i tre delar: frå 1945 til 1965, frå 1965 til 1980 og frå 1980 til i dag.

Kjeldearbeid: Vidare bør elevane arbeide med kjeldearbeid. Dei kan finne stoff om kjeldearbeid i Arbeidsportal på side 6–16.

Problemstilling: Elevane bør finne ei eiga problemstilling ut frå det dei har lært, og ut frå samtalar med familien sin. Det er viktig at det blir ei god problemstilling som gjer det mogleg for dei å finne ut noko om familien, men det er også viktig at dei set det dei finn, inn i eit større bilete.

Eksempel på problemstillingar:
  • Korleis påverka funnet av olje og den økonomiske veksten arbeidssituasjonen i familien vår?
  • Var husmortilværet til mormor ein konsekvens av hennar eige val eller av samfunnsstrukturar i Noreg i etterkrigstida?
  • Kvifor flytta familien vår?

Vurdering: Det bør understrekast at elevane ikkje skal vurderast etter kor oppsiktsvekkjande historier familien kan fortelje, men etter kjeldebruk og forståing av makrohistoria. For elevar med røter i andre land kan oppgåva heller dekkje andre læreplanmål som gjeld andre delar av verda.

Denne oppgåva er inspirert av historieskrivingskonkurransen som HIFO arrangerer kvart år. Dersom elevane ønskjer det, kan dei vere med i denne konkurransen.

« Attende