Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  25 (Menneske og miljø)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Miljøutfordringar
   
  25. MENNESKE OG MILJØ
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Miljøutfordringar


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gjere greie for hovudtrekk ved den industrielle revolusjonen og undersøkje kva han fekk å seie for næringsutvikling og sosiale forhold i det norske samfunnet
  • undersøkje bakgrunnen for ein pågåande konflikt, og drøfte reaksjonar i det internasjonale samfunnet

Oppgåve
I mange klasser er det ein eller fleire elevar som engasjerer seg sterkt i miljøsaka, og utfordringa i dette tilfellet er å knyte miljøspørsmål til historia. Be elevane lese igjennom dagens aviser – kva står det om miljøproblem i dag? Er det regionale, nasjonale eller internasjonale miljøproblem? Er det nødvendig med internasjonalt samarbeid for å løyse somme av dei? Kapittelet i læreboka i nyare historie peikar på årsakene til miljøutfordringane i dag. Elevane kan kanskje arbeide i grupper med dei ulike miljøproblema? Produktet kan vere ein Glogster eller ei veggavis.

Eksempel på emne
  • Ørkenspreiing: Kva er årsaka? Kva har blitt gjort for å stoppe utviklinga? Dersom den globale oppvarminga held fram (uavhengig av kva årsakene er), kva er spådommane når det gjeld ørkenspreiing? 
  • Sur nedbør: Kva er årsaka? Kva har blitt gjort for å stoppe utviklinga? Kvar i verda er sur nedbør eit problem?
  • Smog: Kva er smog? Kva har blitt gjort for å redusere førekomsten av smog? Korleis har desse tiltaka fungert? I kva grad har dei vore tilfredsstillande? 
  • Kva er global oppvarming? Har problemet tidlegare vore diskutert?
  • Overdriven ressursbruk (overfiske, overbeite, hogging av skog osv.): Gi eksempel frå historia om årsaker og konsekvensar.

« Attende