Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  25 (Menneske og miljø)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Brundtland-kommisjonen (kapittel 23 og 25)
   
  25. MENNESKE OG MILJØ
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Brundtland-kommisjonen (kapittel 23 og 25)

Kompetansemål

Elevane skal kunne

  • bruke digitale verktøy til å planleggje, gjennomføre og presentere ei problemorientert undersøking ut frå eigne spørsmål til eit historisk materiale
  • presentere ein historisk person og drøfte korleis samtidige idear og samfunnsforhold påverka tenkjemåtane og handlingane til denne personen
  • gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945


Oppgåve

Målet for arbeidet med dette klippet bør vere å finne ut meir om Gro Harlem Brundtland og om kva Brundtland-kommisjonen fekk å seie for miljøvern i 1980-åra. Sidan det dreiar seg om så nær historie, bør hovudkjelda til elevane vere Internett. Prøv å få elevane til å øve seg på å leite effektivt og fornuftig. Det kan vere formålstenleg å be dei unngå Wikipedia – for variasjonen si skuld, om ikkje anna.

Mange elevar veit nok ikkje kven Gro Harlem Brundtland er, så dei bør først finne ut kven ho er, og kva rolle ho spela i 1980-åra, både i norsk politikk og internasjonalt.

Som hovudoppgåve kan elevane finne ut meir om Brundtland-kommisjonen og den endelege rapporten som det blir snakka om i klippet. Kanskje dei kan finne utklipp frå rapporten på Internett, som dei kan vurdere kjeldekritisk som ei primærkjelde. Deretter kan dei sjå på verknadene av rapporten. Korleis blei han teken imot? Blei det debatt om rapporten? Kva blei gjort med han? La elevane finne ut av dette. Deretter kan dei lage ei veggavis eller ein Glogster.

Elevane kan også arbeide med arven etter kommisjonen. Dei kan samanlikne han med dagens kamp mot klimatrusselen. Kva er likt, og kva er annleis?


Nettstader:

https://www.nrk.no/skole/?mediaId=10398&page=search&q=gro%20harlem%20brundtland
"Gro leder FNs miljøkommisjon". Frå NRK Skole

« Attende