Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  26 (Fred og konflikt i ei globalisert verd)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Konfliktar – årsaker og konsekvensar
   
  26. FRED OG KONFLIKT I EI GLOBALISERT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Konfliktar – årsaker og konsekvensar


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • undersøkje to eller fleire internasjonale konfliktar etter 1945, og vurdere konfliktane, sett frå ulike perspektiv
  • finne eksempel på hendingar som har forma historia til eit ikkje-europeisk land etter 1900, og reflektere over korleis landet kunne ha utvikla seg om desse hendingane ikkje hadde skjedd
  • undersøkje bakgrunnen for ein pågåande konflikt, og drøfte reaksjonar i det internasjonale samfunnet

Kapittel 26 skisserer fire faktorar som har påverka naturmiljøet: befolkningsvekst, økonomisk vekst, auka bruk av fossile energikjelder og auka urbanisering. I denne samanhengen ønskjer vi å få elevane til å tenkje litt på moglege konfliktar som følgje av desse faktorane. Her er det ingen klare svar, og det vil kanskje vere formålstenleg å be elevane lage eit radioprogram eller ein paneldebatt der dei diskuterer både årsaker, trulege utviklingar og konfliktar og også moglege løysingar på problema. Grupper på 3–4 elevar kan fint lage eit kvarters radioprogram der dei tek for seg desse temaa. Dersom dei vil lage ein paneldebatt, er det viktig at nokon får i oppgåve å halde innlegg først, slik at det er noko å diskutere.

Oppgåver
  1. Befolkningsvekst: Korleis kan befolkningsvekst føre til internasjonale konfliktar?
  2. Økonomisk vekst: Kva skjer med miljøet når ein milliard kinesarar og ein milliard indarar skal ha like høg levestandard som befolkningane i Europa og Nord-Amerika? Er det mogleg? Er det moralsk forsvarleg? Grunngi svaret ditt.
  3. Auka bruk av fossile energikjelder: Kva skjer når oljen tek slutt? Korleis hadde Noreg sett ut i dag dersom landet ikkje hadde olje- og gassressursar? Kva ville vi leve av? Kor høg levestandard ville vi ha?
  4. Auka urbanisering: Kven produserer maten vi et? Korleis vil matproduksjonen bli i framtida? Er det mogleg å mette oss alle?
Til alle oppgåvene
  • Korleis kan desse utviklingstrekka føre til miljøproblem og også internasjonale konfliktar?
  • På kva måte er ei globalisert verd ein styrke når det gjeld å få bukt med internasjonale konfliktar og problem?

« Attende