Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  26 (Fred og konflikt i ei globalisert verd)   >  Arbeidsoppgåver  >  Multimedieoppgåver  >  Ranias flukt frå Syria
   
  26. FRED OG KONFLIKT I EI GLOBALISERT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Ranias flukt frå Syria

20 år gamle Rania flykta frå borgarkrigen i Syria for å komme i sikkerheit i Europa. På oppdrag av den norske journalisten Anders Hammer dokumenterte ho flukta med ein «videoblogg».

Sjå dei 14-15 først minutta av filmen (frå The Guardian 2. august 2017, engelsk tekst).

  1. Korleis er det å sjå "ein flyktnings kvardag"? Kva gjorde størst inntrykk på deg?
  2. Beskriv fluktruta til Rania fram til den makedonske grensa. Kva hindringar møtte ho?
  3. Lag fire lappar. Skriv namnet på dei to personane som er viktigast for deg, og to gjenstandar som er viktige for deg. Dette er utgangspunktet for ein fluktsituasjon. Noko har hendt, og de må flykte i all hast. Det er ikkje tid til å ta med seg mykje – eller alle. Korleis kjennest det?
  4. Lat ein annan trekkje to lappar; ein med person, ein med gjenstand. Dette får du med deg. Alle andre og alt anna må de reise frå, og kanskje aldri meir sjå att. Korleis kjennest det?
« Attende