Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  26 (Fred og konflikt i ei globalisert verd)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Rwanda
   
  26. FRED OG KONFLIKT I EI GLOBALISERT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Rwanda

Rwanda ligg i det sørlege Afrika og er blant dei fattigaste landa i Afrika. Rwanda hørte til tysk Aust-Afrika frå 1890-åra, blei okkupert av Belgia i 1916 og var belgisk mandatområde fram til 1946, deretter belgisk tilsynsområde. Først i 1962 blei Rwanda sjølvstendig. På 1990-talet blei landet herja av ein svært blodig borgarkrig, som kulminerte i folkemordet i 1994.

  1. Kva heiter dei dominerande folkegruppene i landet, og kva slags motsetningar har det vore mellom dei?
  2. Kva var årsakene til desse motsetningane?
  3. Kva var bakgrunnen for folkemordet i Rwanda?
  4. Korleis reagerte verdssamfunnet på det som skjedde i 1994?
  5. Kva har skjedd med dei ansvarlege for folkemordet?
  6. Korleis er situasjonen i Rwanda i dag?

Nettstader

https://snl.no/Rwandas_historie#-Kolonitiden
Om bakgrunnen for konflikten, folkemordet og rettsoppgjeret. Frå Store norske leksikon.

http://www.dagbladet.no/nyheter/2003/08/01/374971.html
Artikkel om rettsoppgjeret i Rwanda. Frå Dagbladet 01.08.2003.

« Attende