Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  27 (Brennpunkt Midtausten)   >  Til læraren  >  Kjeldeopplegg  >  Palestina og flyktningspørsmålet
   
  27. BRENNPUNKT MIDTAUSTEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Palestina og flyktningspørsmålet

Ulike syn: Blei Palestina-arabarane jaga ut?

Eit av dei mest kompliserte spørsmåla i konflikten mellom israelarar og palestinarar er flyktningspørsmålet. Har dei om lag 750 000 flyktningane frå krigen i 1948–1949 og etterkommarane deira rett til å flytte tilbake eller rett til landet i det heile? Rettsleg spelar det stor rolle om den arabiske befolkninga i Palestina flykta frivillig, eller om folk blei drivne ut av israelarane. Den moralske belastninga for Israel blir også mindre dersom det kan dokumenterast at palestinarane drog frivillig. Les kjeldene under og svar på spørsmåla.

"… Flyktningane reiste frå heimar, butikkar, kontor og let alt vere att, skremde av dei jødiske massakrane i Dir Jassin og andre arabiske landsbyar. Dei aller fleste hadde ikkje eingong tid til å ta med seg klede eller andre personlege ting. Jødane øydela ikkje berre arabiske hus, men også offentleg eigedom. Dei braut seg inn i private hus og kontor, plyndra dei for møblar og anna innbu og øydela alt dei ikkje kunne bere med seg. Dei tok alt inventar i butikkar og varelager. Dei tok arabiske personbilar, lastebilar og andre kjøretøy. Den 6. juni 1948 kunngjorde dei jødiske leiarane, sjokkerande frekt, at jødane ville beslagleggje alle arabiske bygningar og eigedommar over alt der dei kunne komme til. Det er no jødar som bur i arabiske heimar og bygningar …"
Den arabiske høgkomiteen, til generalsekretæren for FN 6. august 1948. Frå Svend Holm-Nielsen: Retten til Palestina, København 1975, omsett til norsk av forfattaren

"… Det mest slåande resultatet av krigen arabarane førte mot Israel, og av nederlaget deira, var at den arabiske befolkninga greip til masseflukt til landa omkring.

I den første fasen av krigen var det ikkje stor forandring. Om lag 30 000 arabarar, i hovudsak frå meir velståande sosiale lag, reiste til nabostatane for å vente på utfallet av krigen. … Den seinare masseflukta nådde høgdepunktet faktisk før opprettinga av staten Israel, tidleg i 1948, så snart appelsinhausten var over. Flukta tok til etter uttrykkjelege ordrar frå arabiske offiserar og politiske leiarar. Dei forsikra folk om at evakueringa til dei arabiske nabolanda ville bli kortvarig, og at dei snart ville få ein pen del i byttet …

Dei arabiske leiarane hadde tre mål med oppmodinga til flukt: å rydde landsbyane og dei tilstøytande vegane for den arabiske hæren som drog fram, å gjere realitetane i krigen tydelege for den arabiske befolkninga i landa omkring og sikre seg støtte frå dei til vidare krigføring, og endeleg å gjere det klart for resten av verda at ingen arabar var innstilt på å finne seg i opprettinga av staten Israel og i å leve under styre av denne staten…"
Frå ein publikasjon frå den israelske regjeringa, The Arabs in Israel, 1955, omsett til norsk av forfattaren


"Den palestinske flukta hadde ikkje ei, men mange årsaker. Flukta blei først og fremst tvinga fram av utviklinga i krigen og av arabisk redsel for jødiske overgrep. Det finst mange eksempel på brutal framferd frå den israelske hæren og på israelsk «reinsing» av arabiske område. Det skjedde lokalt under leiing av militære befalsmenn. Statsminister Ben-Gurion sjølv ville ha så få arabarar som råd var innanfor grensene av staten Israel, men det ser ikkje ut til at han har gitt nokon klar ordre til dette. Men fordelane med at palestinarane flykta, blei fort klare for dei israelske leiarane: dei slapp ein potensiell femtekolonne, og dei områda og bustadene som palestinarane hadde reist frå, kunne jødiske innvandrarar frå Europa og frå den arabiske verda få ta over. Da krigen var slutt i 1949, hadde om lag 350 arabiske busetjingar og landsbyar blitt jamna med jorda. På same tid hadde 133 nye jødiske busetjingar blitt etablerte."
Frå Sune Persson: Palestinakonflikten, Lund 1994, omsett til norsk av forfattaren

  1. Den første kjelda er skriven av palestinarar. Kva forklaring gir denne kjelda på flyktningspørsmålet?
  2. Den andre kjelda er israelsk. Kva er årsakene til flukta, etter det denne kjelda seier?
  3. Den tredje teksta er skriven av ein svensk Midtausten-ekspert. Korleis forklarer han flukta?
  4. Oppfattar du kjeldene som pålitelege?
« Attende