Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Undervisningsopplegg  >  På tvers av verket  >  Tre tidsbilete
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Tre tidsbilete

Tekstane under kan brukast som ein introduksjon til historiefaget i Vg2, fordi dei på ein konkret måte viser korleis samfunn og menneske i Noreg har forandra seg sidan landet blei folkesett etter istida og fram til ca. 1850. Klassa deler seg i grupper, og kvar gruppe set seg inn i sin tekstdel. Så lagar gruppene kvar sitt rollespel basert på det dei har lese. Elevane kan ta utgangspunkt i dei personane det blir fortalt om, og dikte vidare omkring kva problemstillingar desse personane stod overfor. Etter at rollespela er framførte, diskuterer klassa kva slags samfunnsendringar dei meiner har vore viktigast gjennom dei 10 000 åra som tekstane spenner over.


Kronologien i noregshistoria

Steinalderen, rundt 8000 f.Kr.
Ama, no må du stå opp!» Ropet vekkjer den unge jenta, og ho opnar auga. Det første ho ser, er det raude lysskjæret som har begynt å spele under det sotete steintaket i helleren. Foreldra er alt oppe og har fått nytt liv i bålet som alltid brenn framme ved utgangen. Elden gir varme og held dei ville dyra på avstand. Uvillig kryp Ama ut av den lune reinskinnsposen og får på seg skinnplagga som skal verne henne mot kulden denne grå vinterdagen. Ho ser at det blussar i dei andre båla i hellerane ved fjorden. Dette er flokken hennar – eit trettitals menneske som held til her og livbergar seg med jakt, fiske og fangst.

I dag skal dei ti vaksne mennene til fjells for å fange rein. Dei prøver å komme
innpå flokkane og drive dei mot dyregraver eller utfor høge stup. Tre eller fire dyr er nok til å skaffe føde for mange dagar. Kvinnene parterer dyra med flintreiskapane sine. Skinna blir til klede og sengeposar. Hud og tarmar kan skjerast i strimlar og bli til tjukke reip eller tynne trådar. Bein kan formast til enkle reiskapar. Ein del av helleren er arbeidsstaden til kvinnene, og her samlar det seg opp avfall, jamvel om så lite som råd er får gå til spille.

Ama er stadig oftare saman med mora og dei andre kvinnene for å lære korleis reinsdyr, sel eller fisk skal lagast til mat og til nyttige ting. Leiaren for flokken hennar, den sterke og kloke Dag, har sagt at snart er det hennar tur til å få seg mann, for ho er 18 vintrar gammal. Da må ho kunne alt det dei vaksne kvinnene skal gjere. Det aller vanskelegaste er å ta vare på dei nyfødde barna, for dei toler kulden så dårleg, og dei grisar til skinna som skal halde dei varme. Ama har alt hatt ansvar for å passe dei yngre syskena sine.

I dag skal ho saman med dei to brørne ut i skogen for å samle ved. Det er eit keisamt, men nødvendig arbeid. Kvar dag går det med store mengder brensel på båla. Dei tre syskena har med seg ei steinøks, men dei er ikkje sterke nok til å hogge større tre. I staden må dei finne vindfall eller tørre småtre og greiner, som dei bryt opp og ber heim på ryggen i store buntar. Er dei heldige, kan dei på ein dag sanke nok brensel til ei vekes forbruk. Det må alltid vere godt med ved i helleren, for no i den mørke årstida kan det komme periodar med uvêr og snøfall, og da er det uråd å gå ut.

Det veit også mennene som i dag skal etter reinen. Ama hugsar godt den gongen for tre vintrar sidan da villreinen blei borte, og dei slapp opp for mat på den mørkaste tida av året. Da svalt tre vaksne og fire barn i hel. Til slutt måtte dei friskaste av mennene gi seg i veg til flokken inst i fjorden og be om mat hos dei. Det var rikelegare med rein der inne. Det blei den gongen avtalt at dei to flokkane skulle byte unge kvinner med kvarandre. Ama veit at snart er det hennar tur til å flytte inn til folket inst i fjorden, til ein mann der.


Vikingtida, rundt 800 e.Kr.
Bjørg står ute i den varme vårdagen. Bak henne ligg dei låge tømmerhusa med torvtak som er heimen hennar her i Hellevika. Det finast bygde tømmerhuset har åre, ein eldstad midt på golvet, og ljore, ei røykopning i taket. Det har senger langs den eine veggen og bord og benker langs ein annan. Framfor det andre tømmerhuset ligg ein stor gjødseldynge og fortel at her held husdyra til. Så er det ei bordkledd løe for høy og halm, eit lite stabbur der mat og klede blir lagra, eit eldhus til koking og brygging og ei smie der jernreiskapar og våpen kan lagast og reparerast.

I dag skal Bjørg gjete husdyra som er sleppte ut på bøen første gongen i år. Dei fem kyrne, dei fjorten sauene og dei tolv geitene er utmagra etter sveltefôringa gjennom den lange vinteren. Men dei har greidd å bere fram kalvar, lam og kje som no leikar innanfor innmarksgjerdet. Oppgåva til Bjørg er å halde dei borte frå åkrane, som faren, dei to brørne og trælen Sjån er i ferd med å spa opp. Dei bruker trespadar med jernbeslag. Mor til Bjørg ber gjødsel frå fjøset ut på åkerlappane. I morgon er dei ferdige, og da kan faren så kornet som ligg klart på stabburet.

Med ein god sommar vil avlinga sikre huslyden grautkorn, flatbrød og øl til eit heilt års forbruk. Både kyr, sauer og geiter vil gi mjølk til grauten og til framstilling av smør og ost. Saueulla kan bli til klede. Og av dei dyra som blir slakta til hausten, vil det bli kjøtt til mat og huder og skinn til sko og klede. Så lenge naturen ikkje slår seg vrang, er familien til Bjørg sjølvberga med det meste.

Men denne vakre vårdagen har ikkje den unge jenta berre auge for husdyra og folka som strevar på åkeren. Av og til ser ho bortover stranda til dei store hellerane, der det blir fortalt at dei første folka i Hellevika budde. Oftare glir blikket utover fjorden til storgarden på Nes. Der bur høvdingen Håkon med familien sin, med ein flokk av trufaste krigarar og med mange trælar som driv jorda hans. Det er mange hus på høvdinggarden. Størst er hovet, der bøndene frå heile fjorden samlar seg til blot. Blota er store festmåltid til ære for gudane. Dei ber til gudane om gode avlingar, men også om hell i krig.

Akkurat i dag held høvdingen, krigarane hans og eit stort følgje av menn frå fjorden på med å ruste skipa for å dra i viking. Dei skal segle vest over havet på jakt etter gods og gull og trælar. Høvdingen på Nes har erfaring frå mange slike ferder. Dei han tek med seg som mannskap, kan vere sikre på å få del i eit rikt bytte. Bjørg blir med eitt varm i kroppen, for ein av dei utvalde til denne turen er den unge og djerve Are frå grenda inst i fjorden. Ho har eit godt auge til han, og dei har avtalt seg imellom at når han kjem tilbake, skal dei snakke med foreldra om å få gifte seg. Høvdingen på Nes har alt lova Are ny jord å dyrke. Vender han heim med rikdom og kanskje ein træl eller to, kan draumen om giftarmål og eigen gard bli røyndom for dei to unge.


Nyare tid, rundt 1850
Solveig rettar ryggen og er glad for at det kveldar. Heile dagen har ho gått i den store potetåkeren og plukka poteter som karane har spadd opp. No er det potetopptak, og for eit par veker sidan var det kornskurd. Det er hardt arbeid å vere tenestejente hos storbonden på Nes. Han sjølv styrer tenestefolka, husmennene og dagarbeidarane sine frå skrivebordet i det flotte sveitsarhuset sitt. Han er også ordførar i kommunen og er oppteken med saker som gjeld skolar, fattigstell, kyrkjer og vegbygging. Dessutan arbeider han for å bli vald inn på Stortinget i Kristiania.

Om han er ein kakse mellom sine eigne, veg han ikkje tungt mot embetsmenn og byborgarar, som frå gammalt har styrt med stort og smått i samfunnet. Derfor treng han støtte frå dei andre bøndene. Han ymta frampå om det til far til Solveig den dagen faren følgde henne hit for å finne arbeid. Faren har røysterett – det har ikkje arbeidsfolka på potetåkeren. Ein del av dei er med i arbeidarforeininga som Marcus Thrane har oppretta, men bøndene og dei fine vil ikkje dele makta med småkårsfolka. At Solveig og dei andre kvinnene skulle ha røysterett, er reint utenkjeleg. I styre og stell er dei å rekne som umyndige barn.

Like fullt er Solveig ei evnerik jente. Ho var den flinkaste i lesing og rekning da ho gjekk i omgangsskolen heime i Hellevika. Til konfirmasjonen gjorde ho det best i kristendomskunnskap av alle konfirmantane og fekk stå fremst på kyrkjegolvet. Men foreldra har det for trongt til at dei kan koste vidare skolegang på henne i byen. Ho tenkjer på kva det skal bli av henne. Til så lenge er ho glad for tenesta, jamvel om ryggen verkar. Ho har husrom, kost, klede og sko og litt lommepengar for det nærmaste året.

Å finne seg ein mann skal ho alltids klare, men kva hjelper det dersom dei ikkje har eit utkomme, eit levebrød? Det er smått med ledige gardsbruk, og dyre er dei. Husmannsplassar er det ingen unge som vil ta til takke med lenger. Solveig har tenkt på å dra til byen, men ein huspost er berre teneste med litt andre oppgåver enn på landet. Ho har også tenkt på Amerika. Der har ho ein morbror som driv ein farm i Illinois, og han har skrive og bede slektningar om å komme etter. I fjor reiste bror til Solveig, men enno går han berre som arbeidskar på farmen til morbroren.

Solveig innser at det finst mange vegar å gå, men ingen av dei er lette for ei fattig landsjente. På heimvegen frå potetåkeren i kveldinga svirrar tankane hennar om den største draumen ho har: At storbonden på Nes skal låne henne pengar slik at ho kan utdanne seg til lærarinne og stå på eigne bein. Ho føler at det er kunnskapen som er framtida hennar.


Tre jenter og ei historie
Med desse tidsbileta har vi hoppa tresteg gjennom den lange perioden av norsk historie som denne boka skal dekkje, nemleg tida frå dei første menneska kom til landet og fram til 1850, for berre 150 år sidan. Sjølvsagt er dei tre jentene oppdikta. Men dei er sette inn i eit tilvære som vi kjenner – litt usikkert når det gjeld den første, men gradvis betre for dei to neste. Like fullt vågar vi å bruke dei tre skildringane til å seie noko om forandringar over tid.

Felles for hovudpersonane er at dei står på overgangen til det vaksne livet. For dei to første er ekteskapet ikkje langt unna. I 1850 ligg giftarmålet lenger framme i tid, og Solveig har framfor seg ei ungdomstid som ho ønskjer å fylle med utdanning. Ama og Bjørg er blitt førebudde til det vaksne livet ved at dei har levd nær foreldra og har lært ved å ta etter dei. Solveig har i tillegg gått på skole og lært å lese og skrive, og ho har skaffa seg kunnskapar ved konfirmasjonen.

Reint materielt er det store skilnader mellom dei tre jentene. Ama og folket hennar lever av jakt og fangst og har berre det aller mest elementære av ting å hjelpe seg med. Dei har stort sett nok mat, men lever svært enkelt og kummerleg. For Bjørg er jordbruket den viktigaste levevegen. Framstillinga av mat er jamnare og sikrare, og folk har i tillegg skaffa seg betre vern mot naturkreftene gjennom meir føremålstenlege klede og varme og tørre bustader. Kjennskap til jern har gitt dei betre våpen å verje seg med og betre reiskapar å dyrke jorda eller framstille andre gjenstandar med. I 1850 lever Solveig i ein økonomi som framleis har jordbruket som grunnlag, men vi aner spor av vidare framgang. Poteta er kommen som ei ny kulturplante som har gjort mattilgangen enda sikrare.

Sosialt utgjorde steinalderfolka i Hellevika ein flokk av likestilte familiar. Levekåra var altfor enkle til at det var rom for nemnande skilnader. Menneska var nøydde til å samarbeide og dele for å overleve. Bjørg kunne derimot sjå store skilnader rundt seg. Sjølv var ho dotter av ein vanleg bonde. Under seg hadde bøndene dei framande trælane, som dei åtte og utnytta som om dei var husdyr. Over seg hadde dei høvdingen, som skilde seg ut med fleire hus, meir jord og større rikdom. I verda omkring Solveig i 1850 fanst det mange grupper – bønder, embetsmenn, borgarar, husmenn, dagleigarar, tenestefolk. Også dei stod på ein rangstige etter velstand og makt, men det nye var at dei svakaste kjempa for å klatre på stigen.

Kva slags styresmakter kjende dei tre jentene til? Ama visste at ein sterk og erfaren mann i flokken hennar fungerte som leiar. Elles var det ingen utanfor flokken som kunne styre, og flokkane i fjorden levde stort sett fredeleg side om side. Bjørg kjende derimot til at høvdingen på Nes hadde makt over alt folket i fjorden og meir til. Han var religiøs leiar ved å styre seremoniane i hovet. Han var ein militær leiar, som ikkje berre samla stridsføre menn til forsvar mot ytre fiendar. Han organiserte også plyndringstokt til framande land. Og han åtte mykje jord og avgjorde kven som skulle få rydde seg nye gardar. For Solveig fanst det ein kommune som var styrt av valde representantar, og som tok seg av fleire felles oppgåver. Det fanst også ein stat som heitte Noreg. Viktige avgjerder for staten blei tekne av Stortinget, og ein del av dei vaksne mennene fekk vere med på å velje representantar dit. Dei mange som var utestengde frå politisk deltaking, gjorde stadig meir høglydt krav på å få vere med.


« Attende