Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Om eksamen   >  Forslag til eksamensoppgåver  >  Undertrykking i eit historisk perspektiv
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Undertrykking i eit historisk perspektiv


Emne: undertrykking

Eksamensform:

Dette utkastet er laga med tanke på ei eksamensform med 48 timars førebuing. Eleven får vite temaet 48 timar før eksamen og får delt ut ei meir konkret oppgåve ein halv time før sjølve eksaminasjonen. Eksamen bør dekkje stoff både frå historie vg2 og historie vg3, så temaet bør vere formulert slik at ulike historiske periodar kan trekkjast inn i oppgåvesvaret. Vi har valt ut nokre læreplanmål som kan vere relevante for eksamensoppgåva. NB! Oppgåva skal ikkje ta for seg alle måla, men dei måla som eleven har arbeidd med.

Aktuelle kompetansemål:

Historieforståing og metode
Elevane skal kunne
  • identifisere og vurdere historisk materiale av ulik art og opphav som kjelder, og bruke det i eigne historiske framstillingar
  • gi eksempel på kontroversielle historiske emne og drøfte motstridande årsaksforklaringar til ei historisk hending
  • undersøkje korleis eigne førestellingar om fortida er blitt forma og diskutere kva faktorar som gjer at menneske kan ha ulike oppfatningar om fortida
  • drøfte korleis historie er blitt brukt og blir brukt i politiske samanhengar
Samfunn og menneske i tid
Elevane skal kunne
  • gjere greie for demokratiutvikling i Noreg frå 1800-talet og fram til 1945 og analysere drivkreftene bak denne utviklinga
  • presentere sentrale trekk ved kolonialismen og situasjonen i eit ikkje-europeisk område på 1800-talet, sett frå ulike perspektiv
  • drøfte korleis nasjonalstaten har skapt nasjonalt og kulturelt samhør, men også konfliktar og undertrykking
  • vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet
  • gjere greie for den norske nasjonalstatens politikk overfor urfolk, nasjonale og etniske minoritetar på 1800- og 1900-talet, og diskutere nokre konsekvensar av denne politikken
  • finne eksempel på hendingar som har forma historia i eit ikkje-europeisk land etter 1900, og reflektere over korleis landet kunne ha utvikla seg dersom desse hendingane ikkje hadde skjedd
  • gjere greie for korleis arbeidsliv og arbeidsdeling mellom kjønna har endra seg i Noreg frå 1800-talet og fram til i dag
Forslag til oppgåver (gitt 30 minutt på førehand):
  • Vis korleis nasjonalisme kan føre både til frigjering og undertrykking. Bruk eksempel frå minst to ulike land og periodar.
  • Ta for deg forholdet mellom ein minoritet i Noreg og det norske samfunnet. Legg vekt på brot og kontinuitet i framstillinga di.
  • Diskuter om stillinga til kvinnene i Noreg har vore prega av undertrykking. Samanlikn situasjonen i minst to ulike historiske periodar.
« Attende