Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Om eksamen   >  Forslag til eksamensoppgåver  >  Demokrati i eit historisk perspektiv
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Demokrati i eit historisk perspektiv


Emne: Demokrati

Eksamensform:

48 timar til førebuing. Eleven får vite temaet 48 timar før eksamen, og får utdelt oppgåva ein halv time før sjølve eksaminasjonen. Oppgåva kan for eksempel dreie seg om imperium, kolonialisme, rasisme, økonomisk utbytting, kjønnsundertrykking eller nasjonalisme.

Aktuelle kompetansemål:

Eksamen skal dekkje stoff frå både historie Vg2 og historie Vg3, så eleven bør sjå på demokrati i ulike historiske periodar i eksamenssvaret sitt. Under står nokre kompetansemål som kan vere relevante. NB! Oppgåva skal ikkje ta for seg alle måla.


Historieforståing og metode
Elevane skal kunne
  • identifisere og vurdere historisk materiale av ulik art og opphav som kjelder, og bruke det i eigne historiske framstillingar
  • gi eksempel på kontroversielle historiske emne og drøfte motstridande årsaksforklaringar til ei historisk hending
  • undersøkje korleis eigne førestellingar om fortida er blitt forma og diskutere kva faktorar som gjer at menneske kan ha ulike oppfatningar om fortida
  • drøfte korleis historie er blitt brukt og blir brukt i politiske samanhengar

Samfunn og menneske i tid
Elevane skal kunne
  • drøfte korleis ideane frå opplysningstida påverka og blei påverka av samfunnsomveltingar på 1700- og 1800-talet
  • gjere greie for demokratiutvikling i Noreg frå 1800-talet og fram til 1945 og analysere drivkreftene bak denne utviklinga
  • gi eksempel på og drøfte korleis utstillingar, minnesmerke, minnedagar eller markeringa av bestemte historiske hendingar har noko å seie for notida
  • vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet
  • samanlikne to eller fleire antikke samfunn og diskutere kva antikken har hatt å seie for moderne politikk, arkitektur eller annan kunst
  • presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område
  • gjere greie for samfunnsforhold og statsutvikling i Noreg frå ca. 700 til ca. 1500 og diskutere mogleg påverknad frå andre kulturar, samfunn og statar

Dette får elevane oppgitt 48 timar før eksaminasjonen:
Brot og kontinuitet i utviklinga av demokratiet.

Forslag til oppgåver:
Desse får eleven 30 min – 2 timar før eksaminasjonen:
  • Drøft korleis ideane frå opplysningstida om folkestyre kom til uttrykk i den norske Grunnlova av 1814.
  • Drøft den demokratiske utviklinga i Tyskland frå 1918 til 1950.  
  • Samanlikn demokratiet i Athen og den amerikanske grunnlova av 1776.
  • Drøft den demokratiske utviklinga i Noreg frå 1814 til 1914.

« Attende