Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Læraren som quizmaster  >  Kuler og krut
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Kuler og krut


Spørsmål:

1) Kva er ein armbrøst?

2) Under kva krig blei stridsvogner først tekne i bruk?

3) Kven førte ein armé med krigselefantar frå den iberiske halvøya over Pyreneane og Alpane og inn i Italia?

4) Kva for ein norsk sjøhelt blei legendarisk etter slaget i Dynekilen i 1716, der han øydela dei svenske transportbåtane og stoppa Karl XIIs første felttog i Noreg?

5) William Nygaard blei i oktober 1993 skoten og alvorleg skadd utanfor heimen sin i Dagalivegen i Oslo. Kva er rekna for å vere motivet for skota?

6) Minuteman var ei nemning på ei militsgruppe som skulle vere klare til kamp «at a minute‘s notice» under den amerikanske revolusjonen. Kva er det i dag som kallast Minuteman?

7) Kva heiter den israelske atomteknikaren som har sona 18 år i israelsk fengsel for å ha avslørt at Israel hadde atomvåpen?

8) Kven slo kven i det lagnadstunge slaget i Teutoburgerskogen i september år 9 e.Kr.?

9) I 1066 stod to sentrale slag i England – med berre vekers mellomrom – ved Stamford Bridge 25. september og ved Hastings 14. oktober. Kven vann og kven tapte?

10) Kva heitte dei to atombombene som blei sleppte over Hiroshima og Nagasaki i august 1945?

11) Når var seksdagarskrigen?

12) Hundreårskrigen viser til ei rekkje krigar som blei utkjempa i ein 116-årsperiode, frå 1337 til 1453. Mellom kva for to land stod dei fleste konfliktane?

13) Reformasjonen og dei store religionsmotsetningane i Europa på 1500- og 1600-talet fekk på eitt vis ein sluttstrek gjennom ei lang rekkje blodige konfliktar som har fått eit felles namn. Kva er det?

14) Kva er ein muskedunder?

15) Kva for ein by blei erobra av profeten Muhammed og styrkane hans i 630?


Svar:

1) Handvåpen til å skyte piler. Våpenet består av ein kolbe og ein boge som ligg på tvers av kolben. Ein avtrekkjarmekanisme held strengen på bogen spent og sender ut ei pil.

2) Under den første verdskrigen. Storbritannia var den første nasjonen som brukte stridsvogner i kamp, under slaget ved Somme 15. september 1916.

3) Hannibal, fønikisk statsmann, politikar og general frå Kartago. Han er blitt omtalt som «strategiens far» og rekna som ein av dei største militære leiarane gjennom tidene, likestilt med Aleksander den store, Julius Cæsar og Napoleon.

4) Peter Wessel Tordenskjold

5) Drapsforsøket hadde truleg samanheng med at Aschehoug i 1989 gav ut Salman Rushdies roman Sataniske vers. Den dåverande leiaren i Iran, ayatolla Khomeini, utferda ein dødsdom (fatwa) over Rushdie og alle som bidrog til å spreie boka, fordi det iranske presteskapet meinte ho spotta gud.

6) Ein amerikansk langdistanserakett, med ei rekkevidde på over 13 000 km.

7) Mordechai Vanunu.

8) Germanske stammar leia av Arminius slo romerske styrkar overlegent og øydela tre romerske legionar. Nederlaget var så voldsomt at den romerske hærføraren Varus valde å begå sjølvmord saman med offiserane sine. Heime i Roma utbraut keiser Augustus dei berømte orda: «Quinctilius Varus, gje meg mine legionar tilbake».

9) Harald Hardråde tapte for Harald Godwinsson (Harald II) ved Stamford Bridge, men Harald Godwinsson tapte for Vilhelm Erobraren ved Hastings.

10) Little Boy over Hiroshima, Fat Man over Nagasaki

11) I 1967

12) England og Frankrike

13) Trettiårskrigen (1618–1648)

14) Eit handvåpen med traktforma munning til å skyte kuler med

15) Mekka. Det var her han var fødd, men han bygde opp forkynninga si i Medina frå 622


Frå Høgetveit, Jølle: Historiequiz, Samlaget 2010



« Attende