Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Læraren som quizmaster  >  Den kalde krigen - kap. 20 (påbygging: kap. 24)
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Den kalde krigen - kap. 20 (påbygging: kap. 24)


Spørsmål:

1) Når blei Noreg med i NATO?

2) U2 er eit irsk rockeband, men òg ei sak under den kalde krigen i nord. Kva var den kalde krigens U-2?

3) Når blei Berlin-muren bygd?

4) Kvar er Grisebukta?

5) Kva var NATOs motsvar i aust?

6) Kva slags ministerpostar hadde Jens Christian Hauge?

7) Kva blei dei hemmelege gruppene kalla som hadde sitt opphav under den andre verdskrigen, men som også blei vidareførte inn i etterkrigstida, mellom anna her i Noreg, etter initiativ frå forsvarsminister Jens Christian Hauge?

8) Kva for to nordiske land var formelt nøytrale (ikkje knytte til ein militærallianse) under den kalde krigen?

9) Kven var den vesttyske rikskanslaren som måtte gå av etter at ein av hans personlege assistentar blei avslørt som spion for DDR?

10) I 1956 slo Sovjetunionen ned ein motstand mot det autoritære kommuniststyret i eit av austblokklanda. Fleire titals tusen sivile blei drepne, og om lag 200 000 flykta frå landet. I kva for eit land skjedde dette?

11) Kva heitte den andre James Bond-filmen frå 1963, basert på Ian Flemings femte Bond-roman med handling frå den kalde krigen?

12) Omgrepet «terrorbalanse» blei under den kalde krigen også knytt til bokstavkombinasjonen MAD. Kva stod desse bokstavane for?

13) I kva rekkjefølgje var desse herrane president i USA?
A) Dwight D. Eisenhower
B) John F. Kennedy
C) Harry S. Truman

14) I 1970-åra inngjekk USA og Sovjetunionen fleire SALT-avtalar, og i 1980-åra starta forhandlingar om START-avtalar. Kva slags avtalar var dette?

15) Kva heitte den nyvalde leiaren for kommunistpartiet i Tsjekkoslovakia, som grunna økonomisk krise i 1968 freista leggje om til gradvis innføring av marknadssosialisme og med det utløyste ein sovjetisk invasjon?


Svar:

1) I 1949

2) Eit amerikansk rekognoseringsfly, skote ned i 1960 i Sovjetunionen på veg frå ein NATO-base i Peshawar i Pakistan til Bodø

3) I 1961

4) Sør på Cuba

5) Warszawapakta

6) Forsvarsminister (1945–52) og justisminister (1955)

7) «Stay behind». Gruppene skulle tre i aksjon om Noreg blei okkupert.

8) Sverige og Finland. Finland hadde likevel ei «venskaps- og bistandspakt» med Sovjetunionen frå 1948.

9) Willy Brandt i 1974. Assistenten heitte Günther Guillaume.

10) I Ungarn

11) «From Russia with love»

12) Mutual Assured Destruction (gjensidig garantert øydelegging)

13) C) (12. april 1945 til 20. januar 1953), A) (20. januar 1953 til 20. januar 1961), B) (20. januar 1961 til 22. november 1963)

14) Nedrustingsavtalar (SALT – Strategic Arms Lilitation Talks og START – Strategic Arms Reduction Talks)

15) Alexander Dubček


Frå Høgetveit, Jølle: Historiequiz, Samlaget 2010



« Attende