Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Læraren som quizmaster  >  Historiske gullkorn
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Historiske gullkorn


Spørsmål:

1) Kven er opphav til orda «Religion er opium for folket»?

2) Kven sa «Den som veit korleis lover og pølser blir laga, får aldri meir ei roleg natts svevn»?

3) Kven sa «That‘s one small step for a man, one giant leap for mankind»?

4) Kven skal ha sagt «Freden har brote laus»?

5) Kven sa «Det er bedre å ha vært statsminister, enn å være det»?

6) Kven sa «Arbeiderpartiet er faen ingen søndagsskole»?

7) Kven sa «Ask not what your country can do for you but what you can do for your country»?

8) Kven vart kjend for orda «peace for our time»?

9) Kven blir tillagd å ha sagt «Eg er heilt ueinig med deg, men vil kjempe inntil døden for din rett til å seie det du seier».

10) Kven skal ifølgje Snorre ha sagt «Kva brast så høgt der»?

11) Og kva svarte Einar Tambarskjelve?

12) Kven er kjend for orda «I have a dream today!»?

13) Kven er kjend for orda «Frå kvar etter evne, til kvar etter behov»?

14) Kven skal ha sagt «Det som blir oppnådd med vald kan berre behaldast med vald»?

15) Kven sa «Mr. Gorbachev, tear down this wall!» då han heldt tale ved Brandenburger Tor i 1987?


Svar:

1) Karl Marx

2) Otto von Bismarck

3) Neil Alden Armstrong då han første gong gjekk på månen 21. juli 1969

4) Napoleon Bonaparte

5) Kåre Willoch

6) Haakon Lie

7) John F. Kennedy i innsetjingstalen sin i 1961

8) Den britiske statsministeren Neville Chamberlain uttalte dette 30. september 1938 etter å ha signert München-avtalen som gav etter for Tysklands krav på Sudetenland.

9) Voltaire

10) Olav Tryggvason til Einar Tambarskjelve i slaget ved Svolder 999/1000. Kongen sa det då bogen til Tambarskjelve brakk.

11) «Noreg or handa di, konge.»

12) Martin Luther King i ein tale framfor Lincoln Memorial i 1963 etter marsjen mot Washington, DC, der 250 000 menneske deltok for å protestere mot raseskiljepolitikken

13) Karl Marx

14) Mahatma Gandhi

15) USAs president Ronald Reagan


Frå Høgetveit Berg og Jølle: Historiequiz, Samlaget 2010

« Attende