Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Undervisningsopplegg  >  På tvers av verket  >  Kjeldekritikk på Internett: eit praktisk opplegg
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Kjeldekritikk på Internett: eit praktisk opplegg


Når vi går igjennom trefflistene vi får ved å bruke ein søkjemotor, blir vi stilte overfor store kjeldekritiske utfordringar. Ikkje alle useriøse sider ser useriøse ut, og det er lett å la seg lure av elegant design og overtydande språkbruk. Under har vi funne fram til ei oppgåve som dreiar seg om å vere kritisk til kjelder som skriv om holocaust, det vil seie utryddinga av jødar under den andre verdskrigen.

I 1997 tok den svenske statsministeren eit initiativ til brei informasjon om holocaust i det svenske skoleverket. Det blei mellom anna oppretta ein nettstad som fekk namnet «Levande historia». La oss ta eit søk i Google etter «Levande historia». Da får vi denne trefflista. Vi får opp fire nettstader som alle har «levandehistoria» i seg. Det er

www.levandehistoria.org
www.levandehistoria.se
www.levandehistoria.com
forintelsen.levandehistoria.se

Dei to første peikar til den same nettstaden. Be elevane gå innom desse fire nettstadene og svare på følgjande spørsmål:
  • Kva for nokre av nettstadene er etablerte av det svenske skoleverket? Grunngi svaret.
  • Kva for ein av nettstadene vil du ikkje stole på? Grunngi svaret.

Dersom elevane har vanskar med å finne svara, kan punkta under vere til hjelp:
  • Sjå etter spor.
  • Still spørsmål.
  • Tenk over motiva til dei som har publisert informasjonen.
  • Ikkje stol på nokon før du har funne ein god grunn til det.
  • Les «about»-sidene dersom dei finst. Kva seier det om opphavspersonen dersom ei slik side ikkje finst?
« Attende